«Eg fekk mi fyrste fartsbot som 16-åring.»
Marie Kornmo Enger (38) er lensmann i Nissedal og Drangedal. Ho er mamma til tre gutar, har alltid mange ballar i lufta, og når ho skal kople av køyrer ho fort på motorsykkel.
På den grøne festivalsletta i Treungen blir me møtt av to store blå augo, og eit hyggeleg smil. Den tøffe jenta med det lange og ljose håret, har på seg slitte dongeribukser, rutete flanellskjorte og har politiskilt rundt halsen. Me set oss på ein benk i sola med Marie Kornmo Enger, lensmann i Nissedal og Drangedal.
– Det er ikkje mange som trur at eg er lensmann. Dei fleste blir overraska når eg fortel det, seier Marie Kornmo Enger, og smiler.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hestejente
På ein gard i Skoger utanfor Drammen kom Marie Kornmo Enger til verda for 38 år sidan. I lag med mor, far og to yngre systrer vaks ho opp på gard. Familien dreiv med hestar, og ungjenta var mykje i stallen og på hesteryggen. I lag med foreldra og systrene blei mykje av tida bruka i pinserørsla Filadelfia. Der har ho alltid lika seg godt.
Ifylgje Marie har ho alltid vore litt annleis enn dei andre jentene på sin eigen alder.
– Eg har to systrer som er veldig «jenter», medan eg alltid har vore ein «tomboy». Eg har alltid vore mykje i lag med gutar, og hadde ein periode der eg helst ville vera gut sjølv. Det skulle eg nok kanskje vore. Det har alltid vore viktig for meg å få vise innsida ut, og ikkje bli sett i bås, seier ho.
Utfordrande
Når Marie mimrar tilbake til barneog ungdomsåra, ser ho sjølv at ho var eit utfordrande barn. Særleg då hormona tikka inn, og ho byrja på ungdomsskulen. Ho var veldig bestemt, og ikkje redd for å seie kva ho meinte. Var det noko ho ikkje fekk lov til heime, så kunne du sette pengar på at det var akkurat dette den unge rebellen gjorde.
– Frå ungdomsskulen til vidaregåande skule gjekk eg kledd i nikkers, busserull og var berrføtt. Var det kaldt tok eg på meg heimestrikka raggsokkar i slippers – og kufte. Eg har spart på kufter sidan eg var 13 år, og brukar det mykje i dag også. Som ungdom var eg oppteken av å finne meg sjølv, og ville at folk skulle lære meg å kjenne for den eg er på innsida, ikkje for slik eg såg ut, seier ho.
– Eg lika ikkje at nokon skulle bestemme kva eg kunne gjere og ikkje. Eg var litt rebelsk, og gjorde opprør heime. Eg var lenge ute om kveldane, køyrde moped lenge før eg hadde lov, og smugrøyka. Eg drakk aldri alkohol. Foreldra mine var veldig tydelege på at så lenge eg budde hos dei måtte eg fylgje deira reglar. Det ville eg ikkje. Ein gong rømde eg heimefrå og var borte i tre dagar. Då budde eg i stallen, fortel Marie, og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mamma og pappa var veldig tolmodige med meg. Eg er veldig takknemleg for at eg fekk lov til å vera meg sjølv, og i dag er dei eit stort førebilete for meg som tenåringsmor.
Nål og tråd
Då Marie starta på idrettslina på vidaregåande skule, droppa ho nikkersen og busserullen – ho avanserte til dongeribukse.
– Levis 501 og kvit t-skjorte, det var det eg gjekk i.
– Det verste eg visste var å kjøpe klede. Eg såg ikkje vitsen, og har alltid vore stor tilhengar av gjenbruk Fekk eg hol i buksene, så sydde eg og lappa dei sjølv Elles gjekk eg for det meste i treningsklede, seier ho.
Ung brud
Marie har alltid vore aktiv i Filadelfia. Ho har gått på sundagsskule, sunge i kor og vore med på fleire leirar opp gjennom åra. Geir, mannen som har kapra hjartet hennar, vaks opp i Drammen og gjekk i same pinserørsle som Marie. Då Marie var 15 år la ho merke til han.
– Eg hugsar mamma spurde meg om ikkje Geir hadde vore noko for meg. Ho kjente han frå Filadelfia og lika han. Geir var 8,5 år eldre enn meg, men det var greitt. Mamma såg nok for seg at eg kunne ha godt av ein eldre kjærast.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei, er du galen, svara eg. Men det tok ikkje lang tid før me blei kjærastar.
To år etter at Marie og Geir fann kvarandre, gifta dei seg. Marie var 18 år gamal og russ, medan Geir var 26 år og nyutdanna lærar.
– Foreldra mine blei ikkje kjempeglade då eg skulle gifte meg så ung, men samtidig trur eg ikkje dei blei så overraska heller. Mamma var 18 år då ho gifta seg. Det var vel litt typisk meg å gjera det som ikkje var så vanleg, seier Marie.
Mange jenter drøymer i ei årrekkje om dagen når dei skal gifte seg, og mange brudepar i dag brukar gjerne eitt år på å planlegge draumebryllaupet. For Marie var det ikkje slik. Ho brydde seg ikkje så mykje om noko anna enn kjolen. Den visste ho korleis skulle sjå ut.
– Mamma og svigermor planla det meste av bryllaupet. Det var ikkje så viktig for meg. Eg var ganske oppteken av kjolen, men eg hadde vel knapt nok hatt på meg kjole før eg gifta meg, seier ho og ler.
– Eg hadde sett ein vikingkjole i ei historiebok på skulen, og fekk laga ein kopi av den. Eg elskar historie, tradisjonar og gamle ting med sjel. Mormor hekla ei krone til mamma då ho skulle gifte seg, og denne bruka eg òg. Det var ein fin dag, seier Marie Kornmo Enger.
Rockar:Når moglegheita byr seg står Marie gjerne på scena og rockar. Her er ho under opninga av Treungen Music City-Råkk café.(Arkivfoto: Randi Berdal Hagen)Roadracing:Når Marie skal kople av køyrer ho fort på motorsykkel. – Eg driv med roadracing, der ein køyrer motorsykkel på bane. Det er fantastisk, og eg elskar å køyre fort.(Foto: privat)
Gift i 20 år
Artikkelen held fram under annonsen.
Maries mor kjenner dottera si godt, og visste at ho kunne vera krevjande. Kort tid føre bryllaupet tok ho ein prat med han som var trulova med dottera. Då fortalte ho Geir at det ikkje var for seint å trekke seg frå giftemålet.
– Foreldra mine var nok litt bekymra for at eg kunne bli litt mykje for Geir. Eg var 18 år og han 26 år. Eg visste kva eg fekk i han, men det gjorde ikkje han om meg, seier ho.
– Korleis var det å gifte seg så ung?
– For meg har det vore heilt fantastisk. Me feira 20 års bryllaupsdag i år, og det er stas. Geir og eg har alltid vore eit godt team – me er foreldre og kjærastar. Ein gong i året reiser me på kjærastetur til utlandet, og me er flinke til å unne den andre å gjere det den vil. Det er verdifullt, seier Marie.
Til Vest-Telemark
Gjennom oppveksten hadde Marie bruka mykje tid på familiehytta i Øyfjell. Der var det mange gode minne, og då Geir kom inn i biletet reiste dei mykje på hytta. Både Marie og ektemannen såg for seg eit liv på bygda. Marie fekk tilbod om jobb i Treungen alt før ho var ferdig utdanna politi, og mannen hennar fekk jobb på skulen i bygda. Familien som då hadde blitt til fire, flytta til bygda i 2003– med ein gut på to år og ein baby.
Mat med namn
I dag er Marie 38 år gamal. Ho sit på ein benk i sola i Treungen, plassen som har blitt heimbygda for ho og familien. Ho har lagt om dialekten, og i lag med ektemannen Geir har ho tre gutar, to hundar og 12 sauer.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me trivst så godt i Treungen. Dette er heime for oss. Eg er frå hestegard, og likar å ha dyr å stulle med. Det er verdifullt for barna å vera vand med å ta ansvar for dyra, og alt arbeidet som fylgjer med. Dei får eit naturleg forhold til liv og død, kos og matproduksjon. Me har nokså kortreist mat kan du seie. Me slaktar ikkje sjølv, men maten vår har alltid namn. Det har skinnfellane våre også, ler ho.
«Eg var ganske oppteken av kjolen, men eg hadde vel knapt nok hatt på meg kjole før eg gifta meg.»
– Heime hos oss er det alltid mykje lyd og mykje latter, og det er stort sett alltid ein som syng, spelar piano eller gjer begge delar. Familien står veldig sterkt hos oss, og det viktigaste for oss er at den fungerer. Me er ein aktiv familie, og har mykje moro i lag.
– Også spring me til og frå ulike fritidsaktivitetar. Me har mange jern i elden, og likar å engasjere oss, fortel Marie.
Lensmann?
Dei siste åra har Marie arbeidd som lensmann i Nissedal og Drangedal.
– Eg trivst veldig godt i jobben. Det er ikkje så mange som trur at eg er lensmann når eg møter dei, men kva er ein lensmann? Ein mann i sin beste alder med pondus og grått hår?, spøkar ho.
– Det er ein spanande og utfordrande jobb. Eg er alltid på vakt og har jobben med meg der eg går. Eg prøver å løyse ting der og då om det oppstår situasjonar utanfor arbeidstida. Ved sida av jobben som lensmann arbeider eg med avhøyr av barn i overgrepsaker.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har sett det meste
– Som mor til tre gutar er det sjølvsagt vanskeleg, og det er fleire gonger at eg helst vil ta med meg barna heim og ta vare på dei. Det er nokon eg aldri kjem til å gløyme, men at eg får lov til å vera den barnet møter i slike saker er meiningsfullt, og det brenn eg verkeleg for. Marie held fram:
– Ein opplever mykje forskjellig i jobben som politi, og eg har sett det meste innan ulykker og skadar. Sjølvmord, sår og kutt, klemskadar, deformera kroppar og daude menneske. Ein veit aldri kva ein møter når ein til dømes kjem til ei ulykke, men eg er veldig profesjonell når eg er på jobb. Det ein ser blir ein naturleg del av jobben, men det er sjølvsagt nokon ting som tek lengre tid enn anna å fordøye, fortel lensmannen.
Roadrace
– Kva gjer du når du skal kople av?
– Då tar eg meg ein lang løpetur med bikkjene for å lufte hovudet, eller så køyrer eg fort på motorsykkel. Eg driv med roadracing, der ein kjører motorsykkel på bane. Eg får ikkje køyrd like mykje no lenger, men eg er ein skikkeleg adrenalin-junkie, og elskar å køyre fort. Det gjer ei stor fridom. Eg har alltid vore glad i fart og spenning, og fekk mi fyrste fartsbot som 16-åring, avslørar ho.
– Eg er litt flau over det i dag, og vonar dagens ungdom er meir vituge enn det eg var i den alderen. Ting kan fort ende i katastrofe, men det ser ein diverre ikkje før ein er vaksen. Men det er fantastisk å køyre fort – veldig fort, fortel Marie.
– Kva er den største farten du har køyrd i?
– Eg har køyrd i 296 kilometar i timen i Tyskland. Der var me politifolk på tur, og i sona med fri fart på autobanen, der det er lov å køyre fort, gassa me på. Det var sinnsjukt herleg. Eg kunne køyrt slik lenge.
– Blir du ikkje redd?
– Nei. Eg tenkjer at ein skal gjera det ein vil, så lenge ein tek forholdsreglar. Det er mykje som kan dukke opp undervegs som ein ikkje har kontroll på. Når eg køyrer fort er det innanfor trygge rammer, og ikkje i trafikken til dagleg. Eg er oppteken av trafikktryggleik og reglar, seier Marie.
Den energiske og leikne lensmannen tar stort sett alle utfordringar på strak hand. Heime er det ho som må prøve ting fyrst. Som til dømes å teste ut eit hopp som ungane har laga.
– Ungane veit at eg ikkje er redd for å slå meg litt, så dei sender meg fyrst – ikkje Geir. Mi erfaring er at det meste gror, men eg har jo vore litt skada opp i gjennom åra. Eg gjekk rundt på motorsykkel, og skada nakken. Eg fekk trippelprolaps. Då eg skulle køyre på bakhjulet, gassa eg på litt ekstra og gjekk rundt. Eg har også krasja med eit tre i ei rideulykke. Då slo eg ut alle tennene og bresta kjeven. Så eg har porselenstenner kan du seie, fortel Marie, og hald fram:
– Eg har galgenhumor, og ler av det meste. Då eg var hos tannlegen for å byte tenner bad eg om ein spegl for å sjå korleis eg såg ut utan tenner. Eg lo så eg skreik! Det er noko av det artigaste eg har sett. Så då tok eg bilete av meg sjølv, og sendte det rundt til vener og familie.
– Eg byr på meg sjølv, og tenkjer at ein må le av det ein kan. Eg ler mykje, og har ei positiv innstilling til livet, fortel Marie