Med to lamper og knusande ro lagar Silje små kunstverk på negler.
Med to lamper og knusande ro lagar Silje små kunstverk på negler.

– Eg plar seie at eg uttrykker følelsane mine på ti små lerret

Silje Omland Aabø (16) frå Lårdal kan ikkje teikne. Det seier ho i alle fall sjølv. Men lage detaljerte design på negler, det kan ho i aller høgste grad.

Då Silje Omland Aabø var ti år gamal fekk ho sansen for naglelakk. Det var ein enkel måte å få utløp for kreativiteten på. Alle fargane og moglegheitene. Alt ho kunne lage. Så mykje meir enn folk forstod.

– Fyrst hadde eg berre eit lite hjørne, men no har det eigentleg teke over rommet mitt. Det er så vidt eg får plass til senga, ler Silje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er litt usikker på korleis det starta, for det kjennest som om eg alltid har drive med dette. Men eg trur eg var rundt ti år då eg sat ved eit lite bord med om lag fem naglelakkar. Då kalla eg meg for nagleeksperten, berre fordi eg kunne ta på naglelakk, liksom … Eg var jo ikkje akkurat det, då. Men etter kvart har eg blitt så utruleg glad i det, fortel Silje.

Elskar å lage mønster

Mykje har skjedd sidan dei fem fyrste flaskene med naglelakk.

– Når begynte du å lakke negler på det detaljnivået du gjer no?

Rommet til Silje ser ikkje ut som alle andre tenåringsrom.
Rommet til Silje ser ikkje ut som alle andre tenåringsrom.
Dette settet laga Silje før 17. mai i år.
Dette settet laga Silje før 17. mai i år.
Silje Omland Aabø elskar negledesign.
Silje Omland Aabø elskar negledesign.
Ugla, Tigergutt, Kristoffer Robin og resten av gjengen.
Ugla, Tigergutt, Kristoffer Robin og resten av gjengen.
Ingenting er tilfeldig i hyllene til Silje.
Ingenting er tilfeldig i hyllene til Silje.
Her målar Silje vidare på «Pretty Little Liars»-neglene sine.
Her målar Silje vidare på «Pretty Little Liars»-neglene sine.
Her har Silje teke utgangspunkt i forskjellige bilde og minne frå sin eigen barndom.
Her har Silje teke utgangspunkt i forskjellige bilde og minne frå sin eigen barndom.
I det blå UV-ljoset stivnar geleen og blir til harde negler.
I det blå UV-ljoset stivnar geleen og blir til harde negler.
Då Silje framleis var i startfasen av hobbyen sin samla ho opp design ho hadde laga på denne plata. – Eg må vel få fylt ho opp ein dag, seier ho.
Då Silje framleis var i startfasen av hobbyen sin samla ho opp design ho hadde laga på denne plata. – Eg må vel få fylt ho opp ein dag, seier ho.
På veg heim frå Danmark ein sommar hadde Silje og familien tid til overs medan dei venta på ferja. Då sette Silje seg like greitt ned midt mellom bilane og lakka neglene.
På veg heim frå Danmark ein sommar hadde Silje og familien tid til overs medan dei venta på ferja. Då sette Silje seg like greitt ned midt mellom bilane og lakka neglene.

– Då eg gjekk i sjuande klasse begynte eg å gå over til litt meir ordentleg design. Då kjøpte eg nokre penslar og begynte å lage blomar og striper og den slags. Men i åttande klasse blei det endå meir alvor. Og sidan den gong har eg halde på. Eg blir liksom aldri lei, seier Silje.

Ho har fått veldig mykje av utstyret og lakkane i jolegåver og bursdagsgåver. Og så har ho kjøpt mykje sjølv, då, for pengar ho sjølv har tent. Utstyret har hjelpt ho med å kunne lage meir detaljerte mønster.  

– Eg blir meir og meir glad i å lakke forskjellige mønster. Det er moro å berre lakke vanleg òg, men det er noko med mønstera. Eg plar seie at å lakke negler er å uttrykke følelsane mine på ti små lerret. Det blir som ei slags dagbok, seier Silje.

Silje lagar heile tida eigne design. Ho sit på skulen i fritimane og teiknar det ho skal gjera på negler når ho kjem heim. Nokre kjem ho på sjølv, andre spirer utifrå inspirasjon frå andre nagledesignarar, bilde ho ser eller fine motiv frå naturen.

– Eg begynnar med ein kvit base, og så finn eg inspirasjon på Instagram eller i naturen. Så målar eg det då, anten med vanleg naglelakk eller med akrylmåling. Det er ikkje så lenge sidan eg fann ut at det gjekk an å gjera det med vanleg akrylmåling, men sidan den gong har eg gjort det ein del. Det er noko heilt anna, for det er så mykje meir ein kan gjera. Det siste året har eg begynt å byggje gele-negler òg, slik at dei som vil kan få lengre negler, fortel Silje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Minnebok på negler i bursdagsgåve

Det er ikkje meir enn eit års tid sidan Silje oppretta seg Instagram-konto. Då opna ei ny verd seg.

– Det er så mange som driv med det same som eg! Det er moro å sjekke ut. Og så får eg posta mine eigne bilde, noko som passar meg bra sidan eg er glad i å fotografere òg.

– Du er veldig kreativ.

– Ja, eg er nok ein kreativ person, seier Silje.

Ho viser fram penslane sine. Dei er som venta bitte-bitte-bitte-små. På veggane heng det fleire forskjellige design ho har laga. Eit av dei nyaste er eit 17. mai-sett. Detaljane er slikt ein kan bli ståande og stirre på lenge, fordi dei er så gjennomførte. Slik som ein bitte-liten lollipop-is eller det norske flagget i ørsmå perler.

For litt sidan fylte syskenbarnet til Silje eitt år, og då laga ho eit heilt naglesett med små bilde frå kusina sitt fyrste leveår i gåve. Med bilde av mor og far hennar, dåpen hennar og forskjellige andre milepælar.

Når det ikkje går i plastnegler, blir det mest venninner Silje lakkar neglene på. Og veslesyster Eline, då. På måndag fylte ho år, og då fiksa storesyster gele-negler med fine fargar.

– No trur eg mange begynnar å bli litt lei av å høyre om negler, men dei synest vel at det er litt moro òg, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Silje kan avsløre at ho til og med pynta konfirmasjonsbordet sitt med plastnegler ho hadde lakka sjølv.

– Eg synest det blei veldig fint. Og det var mange som tok med seg ein og annan heim som suvenir, smiler ho.  

– Var du glad i å teikne frå før av òg?

– Nei, eg kan ikkje teikne. Berre smått. Eg klarar ikkje måle eit bilde, til dømes. Eg veit ikkje kvifor.

Knapp på krulltanga

Når VTB er på besøk heime i Lårdal held ho på med eit «Pretty Little Liars»-design. Det er ein populær TV-serie som Silje er veldig glad i. Kvar nagl representerer noko kjent ved serien. No har ho kome fram til den femte naglen, der ho skal måle krulla hår og ei krulltang. Ho har det som ser ut til å vera ein heilt naturleg evne til å få detaljane på plass. Ho sprøyter ut ein mikroskopisk flekk med grøn måling på eit ark.

– Eg må laga på-knapp på krulltanga, veit du, seier ho.

– Det er jo så smått!

– Ja, det er det som er moro, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette blir liksom mi form for kunst. Det er moro å teste ut nye ting, det kjem heile tida nye moglegheiter og utfordringar eg kan bryne meg på.  

Interessa er ho åleine om i venegjengen – og i Lårdal etter det ho veit.

– Eg trur berre det er eg som har gått så amok med naglelakken, ler ho.

– Eg plar lakke neglene mine tre gonger i veka, så eg brukar kanskje ein fem timars tid på det til saman. Når eg har fri så brukar eg å sitje i fire timar og lage design.

Vil bli lærar

Ho lagar intrikate design på sine eigne negler òg. I dag har ho ein ljos lilla-farge med kvite blomar og forskjellige lag med glitter.

– Er ikkje det vanskeleg å få det til på deg sjølv når du må bruke «feil hand»?

– Det var ganske vanskeleg i starten, men no har eg blitt flinkare.

– Det er imponerande. Du må ha ei ganske stødig hand for å få det så fint.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Faktisk så skjelv eg ein god del. Men det går bra, seier ho.

Skjelvinga er det ikkje mykje å sjå til.

– Kunne du tenke deg å jobbe med dette, då?

– Eg har tenkt på det. Men eg har òg veldig lyst til å bli lærar. Og det trur eg nok det er enklare å få jobb som. Men eg vil halde på med dette på si så lenge eg kan og har lyst. Viss eg har same interessa når eg blir vaksen kan eg ta eit kurs for å bli faglært, og det trur eg berre varer i eit halvt år. Så det går jo alltids an, seier Silje.

Men enn så lenge kjem skulen alltid fyrst for Silje.

– Det gjer den. Og slik må det vera. Negler skal ikkje vera noko eg gjer fordi eg må, det skal vera noko eg gjer fordi eg har lyst.