Anne Bente Kasland Groven synest det er vanskeleg å sjå nytta av ei kommunesamanslåing for Seljord. Her med minsteguten Morten på armen.
Anne Bente Kasland Groven synest det er vanskeleg å sjå nytta av ei kommunesamanslåing for Seljord. Her med minsteguten Morten på armen.

«Eg tenkjer litt begge delar, men heller mot dagens grenser»

Småbarnsforeldra VTB snakka med i barnehagen i Åmotsdal var skeptiske til at Seljord skal bli ein del av ein større kommune.

Det er tidleg morgon i Åmotsdal. Sjølv om daggryet så vidt har kome er dagen alt i god gang i barnehagen.

I Åmotsdal barnehage er det 17 born, og klokka halv åtte opnar dørene for foreldra og dei minste. Og fem over halv er alt dei fyrste barna på plass. Litt småstressa foreldre kjem inn med sine håpefulle, med armane fulle av vinterklede, cherroxar, ski og alt av utstyr barna kan koma til å trenge utover dagen. VTB var på plass for å høyre kva nokre av småbarnsforeldra tenkjer om kommunesamanslåing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser ikkje fordelane

Anne Bente Kasland Groven (38) frå Åmotsdal er ute tidleg for å levere minstemann Morten. Ho har vanskeleg for å sjå fordelane ved ei eventuell kommunesamanslåing for Seljord sin del.

– Eg tenkjer litt begge delar, men heller mot dagens grenser. Om ein tenkjer på ei eventuell samanslåing med Kviteseid er me så like at eg ser ikkje heilt nytta av det, meiner Groven (38).

Fleire av dei andre foreldra som kjem halsande innom gjev også utrykk for at dei ikkje er glade for ei eventuell kommunesamanslåing. Turid Opsund Mæland er redd kommunereforma er ei sentraliseringsreform.

– Som kommunalt tilsett i Vinje ser eg fordelen av å arbeide i eit større miljø, og det vil ein truleg få. Men samstundes er eg litt skeptisk. Eg er redd for at det er ei form for sniksentralisering, og att bygdene skal døy ut. Men eg har ikkje sett meg så veldig inn i saka, seier Turid Opsund Mæland frå Flatdal (28).

Skulle det bli aktuelt med kommunesamanslåing er det vestover ho trur er best.

– Me er mest like fjellkommunane. Dreg me oss mot Bø eller Notodden kan det bli mindre aktivitet i Seljord. Ikkje at det er så viktig for meg med eit sentrum i Seljord, men i arbeidet mitt som sakshandsamar i ein kommune ser ein at det er ulike utfordringar i dei forskjellige kommunane, seier Mæland.