Styreleiar Mikas Bolstad Skålid (18) i Roan 4H og fylkesstyreleiar Hanne Vibeto i Telemark 4H.
Styreleiar Mikas Bolstad Skålid (18) i Roan 4H og fylkesstyreleiar Hanne Vibeto i Telemark 4H.

«Eg trur ingen klubbar i fylket kan matche Roan 4H»

Fylkesstyreleiar Hanne Vibeto i Telemark 4H er imponert over aktiviteten i Fyresdal.

Sist laurdag møtte mange foreldre og andre for å vere med på haustfesten til Roan 4H på Veum. 28 fyresdølar mellom 10 og 18 år viste fram oppgåvene dei har jobba med i år.

– Dette er ein veldig super og aktiv gjeng, og alle går godt saman. I kullet født i 2004 er det heile ni medlemar, seier Sarke Veum.

Artikkelen held fram under annonsen.

For nokre år sidan hadde Roan 4H 40-årsjubileum, ein klubb som på det meste har hatt 42 medlemer.

 Veum og to andre vaksne er klubbrådgjevarar, men Veum har mest med 4H-arane å gjere i ein klubb som skal vere den største i Telemark.

– Eg trur ingen klubbar i fylket kan matche Roan 4H, seier fylkesstyreleiar Hanne Vibeto i Telemark 4H, som hadde tatt turen til festen nord i Fyresdal.

På veggen er aspirant Sverre Teksle (11) si rosemåling han prøva på for fyrste gong i samband med teikning som oppgåve.
På veggen er aspirant Sverre Teksle (11) si rosemåling han prøva på for fyrste gong i samband med teikning som oppgåve.
Einar Sigvart Kvasjord (17) kjøpte ein moped som ikkje sveiv, men det blei ordna gjennom 4H-oppgåva.
Einar Sigvart Kvasjord (17) kjøpte ein moped som ikkje sveiv, men det blei ordna gjennom 4H-oppgåva.
Malin Åmlid (10) er aspirant, har hatt kanin som oppgåve og stilte ut ein del av arbeidet.
Malin Åmlid (10) er aspirant, har hatt kanin som oppgåve og stilte ut ein del av arbeidet.

Tort å ta meir ansvar

Mikas Bolstad Skålid (18) har vore med i 4H frå han gjekk i fjerde klasse, og er styreleiar i fyresdalklubben.

– Det har vore ein fin gjeng i styret – ikkje noko trøbbel med dei, seier Skålid, som i år skal ta imot plaketten, høgste utmerkinga ein 4H-ar får.

– Kva har 4H betydd for deg?

– Det er moro å vere med, eg får mykje kunnskap og organisasjonen er veldig fin. Dei siste åra har eg tort å ta meir ansvar på grunn av at eg er i 4H. Eg er glad eg blei med der. Framover vil eg hjelpe til i klubben når eg kan og har fri frå skulen, svarar 18-åringen.

Malin Åmlid (10) er aspirant og inne i sitt fyrste år som 4H-ar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore veldig bra å vere med, alt er moro der og eg har gleda meg til kvar gong det er 4H, seier ungjenta.

Ho har hatt kanin som oppgåve å jobbe med.

– Det har ikkje vore ei vanskeleg oppgåve. Eg har prøva å stelt dei tre kaninane så godt eg kan – dei har hatt det bra, seier Åmlid.

Skal garantert fortsette

Aspirant Sverre Teksle (11) valde teikning som oppgåve då han byrja i 4H i år.

– Det har vore moro og mykje arbeid, men det gjer ikkje noko, seier ungguten.

Han har også utført rosemåling, og det for fyrste gong.

– Det var litt vanskeleg.

– Kjem du til å halde fram i klubben?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal garantert fortsette i 4H, for der lærer eg veldig mykje, svarar Teksle.

Einar Sigvart Kvasjord (17) har sju år bak seg i klubben.

– Eg blei med fordi det høyrdest interessant ut. Alle åra har eg hatt det triveleg og lært mykje, seier tenåringen.

I år har han hatt mekking som oppgåve.

– Eg kjøpte ein moped som ikkje sveiv, og derfor fekk eg han billeg. Eg fekk han til å gå, men han skor seg eit par gonger. I båe tilfella byta eg stempel, det var ikkje så veldig vanskeleg, seier Kvasjord, der han står ved mopeden og ein video han har laga av køyringa i år.

Neste år kan han få plaketten.

– Eg må prøve å fullføre slik at eg får den. Og så er det moro å vere med, seier 17-åringen med eit smil.

På årets haustfest var det ikkje bare utstillingane folk kunne få med seg. Den tradisjonelle mannekengoppvisninga frå alle medlemene var på plass igjen, og i tillegg hadde aspirantane eiga underhaldning.