«Eg ville ha levd livet mitt om att»
Kven har vel ikkje tenkt og sagt at det var mykje dei ville ha gjort annleis om dei kunne skru tida attende. Rektor Tove Palmork Haavelmoen (62) avsluttar om litt ei 35 år lang karriere i skuleverket i Tokke, og ville helst ha gjort alt om att ein gong til.
– Det var heilt tilfeldig at me hamna her, Sverre og eg. Brått har ein fått jobb, bygd hus, fått to barn og så har det plutseleg gått 35 år, seier Tove Palmork Haavelmoen, opphaveleg frå Bergen.
Ho spolar raskt tilbake til det aller fyrste møtet med Tokke kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tåka hang heilt ned på taket på prestebustaden. Sverre og eg skulle besøke skulen og sjå på forholda, og var frykteleg i tvil. Me hadde fått jobb begge to. På den tida var det veldig vanskelig å få jobb som språklærar og eg hugsar mor mi sa «betre å vere halv lektor med jobb, enn heil lektor utan jobb». Me var begge midtvegs i hovudoppgåva, men bestemte oss for å prøve eitt år på Dalen, fortel ho.
Eitt år blei til 35 for ekteparet Haavelmoen.
Ho kjem frå ei lang rekkje av lærarar i familien. Oldemor hennar var lærar, mormora var lærar i vidaregåande skule i 43 og mora var lærar i 41 år.
«Brått har ein fått jobb, bygd hus, fått to barn og så har det plutseleg gått 35 år»
I tykt og tynt
Ein kan ikkje summere karrieren til Tove utan å ta med Sverre. I tillegg til å vere mannen hennar har han også vore kollega gjennom alle desse åra.
– Me møtte kvarandre på Tysk-instituttet i Bergen. Det var 40 studentar, og det blei heile 12 par av det kullet. Så me var saman gjennom heile studietida også, og til hausten er det 40 år sidan me sette trulovingsringen på fingeren, fortel Tove.
Dei har gjennom alle desse åra stått saman i tykt og tynt, både som ektepar og kollegaer. Saman har dei har slusa hundretals elever ved Dalen vgs gjennom tyske gloser, engelsk litteratur, verdsgeografi og litterære analyser.
Artikkelen held fram under annonsen.
På barrikadane
I desse dagar gjer Tove Palmork Haavelmoen unna dei siste arbeidsoppgåvene som rektor ved Vest-Telemark vidaregåande skule. Sidan 2011 har ho hatt den administrative leiarrolla, og jobba knallhardt for skulane på Dalen, i Seljord og Vest-Telemark som region. Dette har ikkje gått upåakta hen. I førre veke blei ho overraska med besøk av representantar frå Vest-Telemarkrådet. Med seg hadde dei eit 100x80 stort portrett av henne, laga av Jonny Andvik.
– Det er sjølvsagt hyggeleg å bli sett pris på, men eg syns kanskje det òg var litt urettferdig. Eg gjer jo bare jobben min. Det er samarbeidet me får til som er viktig, seier Tove audmjukt.
Ikkje sjeldan har ho stått på barrikadane for utdanningstilbodet i Vest-Telemark, både som lærar, tillitsvalt, studieinspektør og rektor. Kort summert har ho dei åra ho har budd på Dalen vore lærar ved vidaregåande, studieinspektør og no sist rektor. Innimellom dette har ho også vore tilsett som kulturog oppvekstsjef, og konstituert personalsjef i Tokke kommune. Ho har også ein kort periode vore rektor ved Tokke barneog ungdomsskule.
Må tole uår
– Eg hugsar tilbake i 1985. Då var eg tillitsvalt ved Dalen vgs og fylket ville leggje ned ei klasse på mekaniske fag. Eg hugsar eg krangla på direktesendt radio og me hadde demonstrasjonstog i Morgedal der fylkestinget var samla. Klassa blei ikkje lagt ned, minnest Tove.
Lojaliteten har vore tosidig og tidvis krevjande som tilsett i fylkeskommunen, særskilt når utdanningstilbodet i regionen har blitt truga.
– Eg har snakka mykje lokalpolitikk. Eg har også erfart at når ein blir pressa utanfrå så har samhaldet blitt enda sterkare. Eg seier som Liv Grethe Ekre i Seljord: «Ein må tole uår». Her i regionen må ein tole varierande fødselstal, men likevel kunne stole på at det er eit føreseieleg og trygt utdanningstilbod, slår rektoren fast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vanvitig godt arbeidsmiljø
Dette utdanningstilbodet har utmerka seg med svært gode resultat dei seinare åra. Vest-Telemark vidaregåande skule har skåra høgt på både karakterar, trivsel og lite fråfall frå vidaregåande utdanning.
– Me har eit vanvitig godt arbeidsmiljø. Det er eit samhald i kollegiet og folk er oppriktige glade i kvarandre. Folk sluttar jo ikkje før dei er grå i håra, fortel ho.
Elevane opp gjennom åra må også ta ein stor del av æra for dette.
– Me har hatt og har fantastiske elevar her ved skulen. Eg finn ikkje superlativ nok til å skildre dei, seier Tove lettare rørt.
Eit av mange eksempel er då ho sjølv var kontaktlærer for ei klasse.
– Eg venta faktisk med å få Fredrik, fordi eg så gjerne ville følgje klassa mi ut vidaregåande. Dei var heilt fantastiske og eg ville ikkje sleppe dei ifrå meg, minnest ho.
Det har blitt mange slike klasser og elevar opp gjennom åra. Ho hugsar også alle elevane sine, anten ved namn eller på ansikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Det enda med at elevane viste meg ut på gangen med beskjed om at eg kunne komme inn att og undervise når eg var ferdig med å le»
Vist ut på gangen
– Eg saknar det å vere i sirkusmanesjen med elevane, der læringa skjer. Skulevandring er jo så populært no om dagen, og det hender eg tar mi eiga personlege vandring i gangane her. Då tar eg med kaffikoppen og slentrar bortover i gangane, og slår av ein prat med folk. Det hender også eg stiller meg i døropninga dersom ei dør står ope, fortel rektoren.
Ho er òg den einaste læraren som har blitt vist på gangen av eigne elevar. Det skjedde i ein engelsktime for mange år tilbake, og ho skulle lese opp dronningens tale som var omsett til cockney-dialekt.
– For ein som er anglofil blei dette så humoristiske at eg klarte ikkje å stoppe og le. Ein annan skulle overta opplesinga, men då blei det endå verre. Det enda med at elevane viste meg ut på gangen med beskjed om at eg kunne komme inn att og undervise når eg var ferdig med å le, fortel Tove og humrar av episoden.
Kryss i taket
Ein annan episode er då ho faktisk sette eit kryss i taket. Krysset er der framleis, i eitt av klasseromma som i dag er gjort om til auditorium.
– Eg hugsar eg kom inn i klasserommet og elevane sat og skravla. Eg sa litt på tull at eg forventa at når eg kom inn i klasserommet skulle alle sitje heilt musestille med hendene folda på pulten og bøkene oppslått og klare, og dersom det skjedde ein gong skulle eg setje kryss i taket. Elevane tok meg på ordet dei, så då eg kom inn i klasserommet eit par dagar seinare sat elevane akkurat som eg hadde sagt. Eg gjekk roleg ut av klasserommet, spurta nedover gangen til vaktmeistaren og fekk tak i ein fem meter lang stige. Gjekk roleg inn att i klasserommet, klatra opp stigen og sette kryss i taket, fortel Tove og dreg på smilet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skjemt og humor har alltid vore ein viktig del av lærargjerninga hennar, og sjølvsagt omsorg for elevane sine.
– Elevane har betydd så mykje for meg. Og slik må det vere. I enkelte tilfelle er skulen og lærarane alt elevane har. Det viktigaste for meg er at elevane lærer seg sjølv å kjenne gjennom åra dei er på vidaregåande skule, slik at dei også lærer seg å lære, slår Tove fast.
Blir aldri vaksen
Skjemt og humor er ein viktig ingrediens i det gode livet på Dalen for Tove og Sverre. Då dei flytta hit blei dei raskt ein del av ein større vennegjeng, som verkeleg la flid i å tulle med kvarandre. Som til dømes då dei sat oppe ei heil natt og sauma eit 4 meter langt russisk flagg, som dei hang opp i flaggstonga til ein kompis og Høgre-politikar natt til 1. mai. Eller då dei skrudde ut alle ljospærene i huset til ein annan venn og erstatta dei med raude pærer. I tillegg fekk dei butikkane på Dalen til å skrive plakatar om at dei diverre ikkje hadde ljospærer for sal, då alle var knust.
Ekteparet Haavelmoen har også fått si dose, som då dei bygde hus på Huvestad. Etter at Sverre hadde pakka saman for kvelden sette vennegjengen i gang med å snikre eit heimelaga hus. Sjølvsagt hadde dei også kontakta VTB, som kom og laga sak om hurtigoppførande hus i det nye feltet på Huvestad.
– Ein må tole å få litt tilbake når ein har tulla så med andre. Sonen min Christoffer plar å seie: «Mamma, du blir aldri vaksen du!» Det er viktig å ha det moro og vere litt leiken, slår Tove fast, og trekkjer på smilebandet.
Barnebarn og fisketurar
Den eigenskapen får både ho og Sverre god bruk for når dei no trer over i pensjonistanes rekkjer. Då er det mellom anna tid med barnebarna som står på timeplanen. Dei har kjøpt seg ein leilegheit med sjøutsikt i Skaun kommunen i Trøndelag. Tre mil unna bur den eine sonen med sambuar og to barn.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me kjem til å pendle mellom Dalen og Børsa. Me ynskjer å bli godt kjent med barnebarna våre og vil veldig gjerne bruke tid med dei medan me endå er dynamiske besteforeldre. Så har me sonen vår Fredrik og vennene våre her på Dalen som me også vil bruke tid på, seier Tove.
Ho gler seg også til å kunne bruke meir tid på hobbyane sine – foto og fiske.
– Dersom eg hadde fått valet mellom ei veke i Syden eller ei veke midtfjords på Bandak, ja då hadde eg valt Bandak utan å tenkje meg om, konstaterer ho, og gler seg til å lufte fiskestonga att.
Det er også fare for at det blir ein del fotballgalskap frametter i familien Haavelmoen, som ihuga Brann-supporterar båe to. Ho både gler seg og gruar seg litt til å bli pensjonist.
– Når det stormar som verst, og ein merkar at ein får til ting, så tenkjer ein «skal eg verkeleg gje meg no». Så får ein snappe eller facetime med barnebarn, og då tenkjer ein at det er det rette, avsluttar Tove Palmork Haavelmoen, som 1. august gjev vidare stafettpinnen til ny rektor ved Vest-Telemark vidaregåande skule.