Ingvild Groven er godt fornøgd med frammøtet då nokre av klassene på Vest-Telemark vidaregåande skule stelte i stand arrangement for å samle inn pengar til klasseturar.
Ingvild Groven er godt fornøgd med frammøtet då nokre av klassene på Vest-Telemark vidaregåande skule stelte i stand arrangement for å samle inn pengar til klasseturar.

Ei annleis innsamling

Fyrsteklassingane på helse- og oppvekstlina på Vest-Telemark vidaregåande skule hadde saman med andreklassingar på barne- og ungdomsarbeidar og helsefaglina eit eige arrangement for å få inn pengar til klasseturar.

– Foreldre og føresette betaler inngangsbillett. Då får dei mat, drikke, underhaldning og dei får sjå to filmar me har laga. I tillegg skal me selje lodd og bollar, fortel Ingvild Groven, som går i 2. klasse på helsefagarbeidarlina.

Ho er også elevrådsleiar og tillitsvalt i klassa si, og ein av initiativtakarane til prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ikkje lov til å bruke pengar direkte frå eiga lomme, så derfor er dette ein alternativ måte å skaffe oss midlar til skuletur. Eg har nok masa litt for å få til dette, men det ser ut til å bli vellykka. Det er mykje folk her i kveld, så det blir vel litt pengar i felleskassa, seier ho.

Bergen og Rjukan

Planen er at 2. klasse skal til Bergen, medan 1. klassingane skal til Rjukan.

­– Turen til Bergen er utdanningsrelatert. Me skal innom relevante stader for å sjå og lære. Me som no går i 2. klasse har spart i eit par år, så me har snart nok til å reise for, fortel Groven.

– Eg reknar med at me får litt tid til shopping også, legg ho smilande til.

Maten som blei seld har elevane laga sjølve, og er såleis ein del av programfaget.

– Elevane har stått skikkeleg på, og eg er rett stolt av dei. Det har berre vore positivitet hjå alle saman. Det er også moro at såpass mange foreldre og føresette har møtt fram for å gje sin skjerv til det som vonleg blir fine og nyttige klasseturar, seier Ågot Takle Nesland, lærar på Vest-Telemark vidaregåande skule.

– Me har fått mange flotte gevinstar til utloddinga vår, så det er me svært takksame for, avsluttar Ingvild Groven.