Den australske, svenske og norske gjengen som feirar jol saman. Anne Dahle, frå Fjone men nå «Down Under» nr. tre f.v.
Den australske, svenske og norske gjengen som feirar jol saman. Anne Dahle, frå Fjone men nå «Down Under» nr. tre f.v.

Ei lita jole- og nyttårshelsing frå «Down Under»

Etter om lag tre månader i Australia som praktikant har eg funne meg godt til rette her på Wongabel litt utanfor Surat, Queensland. Vertsfamilien eg bur og jobbar hjå driv med kveg, samstundes som dei driv eit vasstransportfirma. Dermed har det blitt mykje variert arbeid, med alt frå «mustering» (samling) av kveg og merking av kalvar, til gjerding, slangeskyting og assistering på verkstaden. Ingen dagar er like, og heile tida er det nye ting å oppleve og lære.

Ein ting eg lærte fort då eg kom ned var at «Aussiar» er eit utruleg hyggjeleg og vennleg folkeslag, med mykje sjølvironi og humor. Gjer du noko merkeleg og annleis, som til dømes å ikkje leggje merke til at det berre er kaldt vatn i dusjen, eller at ein et brunost til lunsj, let dei deg aldri gløyme det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein kan trygt seie at jola i år er og har vore litt annleis! Det er ikkje kvart år ein har moglegheit til å feire jol i Australia med ein australsk og ein svensk familie. Ulike tradisjonar og nye måtar å gjere ting på, i tillegg til små og store kultursjokk har prega dei siste par dagane, då me har feira med både australske, svenske og norske tradisjonar.

Risengrynsgraut og gløgg har møtt stekt kalvehjerne, krokodillekjøt og «vegemite». Innimellom kortspel, vannski, bading, tennis og flyging blei det til og med tid til «Grevinnen og hovmesteren».

Som oss, set svenskane også ut graut til nissen, og sjølv om ikkje jolstemninga har vore like mykje tilstades heile tida har me prøva å ivareta tradisjonane. Då me skulle sette ut graut til nissen blei me derimot fortalt at det ikkje er slik det føregjeng ute i «bushen». Her er det nemleg ikkje graut nissen får servera, men øl og gulrot. Ut i frå tidlegare observasjonar trur eg nissen her på garden var veldig fornøgd med dette.

Utpå nyåret er me ein gjeng praktikantar som skal på «roadtrip» rundt omkring i dei ulike nasjonalparkane, og viss alt går etter planen skal me prøve å kome oss ut til kysten òg. Australia er eit land med utruleg mykje ein kan sjå og oppleve! Det er berre det å få tid og pengar til å strekke til, så er det ingen grenser for kva ein kan gjere.

Vil ynskje alle, familie og kjente, ei riktig god jol vidare og eit knakande godt nytt år!