Langrennsløparane Torgeir Lid Byggland (t.v.) og Mikael Gunnulfsen var saman med teamsjef for Team Telemark, Hans Kristian Lahus, på plass i Morgedal då utstillinga om teamet opna. Fleire andre teammedlemer var også på plass.

Ei moderne utstilling

Historia om Team Telemark har fått eiga utstilling på Norsk Skieventyr i Morgedal. Utstillinga opna laurdag.

– Me fann ut at me ynskte å ha ei utstilling om skihistoria i notid, og dermed vise fram moderne skiutstyr. Me har samarbeidd ei tid om utstillinga, og me er glade for å opne ho no, innleidde Kristi Marie Tveit, avdelingsleiar på Norsk Skieventyr i Morgedal.

Styreleiar i Team Telemark, Pål Kristiansen, var godt fornøgd med både utstillinga og korleis Team Telemark hadde etablera seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Teamet blei etablert i mai 2016, og det var starten på ein ny historie. Me håpar ein dag å ha ein av dei aller beste løparane i verda på teamet vårt. Så langt har to av trenarane vår fått prisar for innsatsen. Målet vårt er kort sagt å få langrennsløparar som blir så gode at dei kjem på landslaget, sa Kristiansen før det blei vist ein film om teamet og det dei har gjort sidan etableringa.

Kvalitet

Teamsjef i Team Telemark, Hans Kristian Lahus, informera dei frammøtte om korleis teamet har fungera det vel halvtanna året det har vore i gang. Erfaringar og målsetjingar er viktige parameter.

– Me legg vekt på høg kvalitet på treningane. Eit normalt treningsdøgn når teamet er samla startar med at trenarar og støtteapparat står opp ved sekstida og kokar havregraut. Løparane kjem bokstaveleg talt til dekka bor rundt klokka sju. Me har ei treningsøkt på føremiddagen før det blir servert lunsj. Så skal løparen helst krype under dyna og sove. Middag blir servert i femtida, før me har ei ny økt om lag halvannan time seinare. Så er det kveldsmat før løparane går til ro. Helst vil me at det skal skje seinast klokka ti på kvelden, forklarte Lahus.

Mønsteret i linene på denne bunaden frå Aust-Telemark finn ein att i trenings- og konkurransetøyet til Team Telemark.

Mykje i media

Han meiner miljøet er og har vore svært bra i Team Telemark. Vidare er han godt fornøgd med profileringa.

– Team Telemark har vore mykje i media, og me er vel det teamet som har hatt flest visningar og blitt nemnt oftast på fjernsyn, sa han.

Identitet

Sjølve utstillinga i Morgedal består av moderne skiutstyr og bekledning, i tillegg til bilete som fortel historia om Team Telemark.

– Når du ser på trenings- og konkurransetøyet til utøvarane ser du eit mønster som samsvarer med mønsteret på linene til ein bunad frå Aust-Telemark. Bunaden er også utstilt, og du ser tydeleg samanhengen. Me er stolte at den koplinga, og det gjev teamet ein identitet med tydelege tradisjonar frå Telemark, sa Tveit.