Eivind Lid frå Kviteseid, ny leiar for Institutt for journalistikk.
Eivind Lid frå Kviteseid, ny leiar for Institutt for journalistikk.

Ei oppegåande presse er avgjerande

Sommarjobb i Vest-Telemark blad fekk Eivind Andres Lid aldri. No har redaktøren frå Kviteseid fått ein av journalistikkens viktigaste leiarjobbar.

Redaktør i Smaalenenes avis, dagleg leiar og redaktør i Glåmdølen – Eivind Andres Lid har kome seg opp og fram sjølv om han ikkje fekk den fyrste journalistjobben han søkte på.

– Den fyrste avisjobben hadde eg der du sit no. Eg starta som frilansar i VTB i 1996, og heldt fram medan eg studerte i Bø året etter. Men sommarjobb fekk eg ikkje. Då eg var ferdig der var eg sikker på at eg aldri kom til å bli journalist, seier Lid med ein ironisk latter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blitt idealist

For journalist blei han. Etter det han beskriv som litt «surring» i Oslo og utvekslingsår i USA fann han ut at det måtte vere journalistvegen han skulle gå. Turen gjekk difor til Bodø og Kristiansand for journalistutdanning og mediekunnskap. Noko brennande idealistisk tilnærming til journalistyrket hadde han derimot ikkje.

– Eg var mest oppteken av å finne ein jobb som ikkje var kjedeleg. Det verka ikkje jobben som journalist til å vere. I tillegg kunne eg få bruke evnene mine på ein god måte – trudde eg. Eg var glad i å skrive og interessert i å finne ut korleis ting verkar.

Åra i draumeyrket har forandra han.

– No har eg nok blitt ein idealist. Eg ser på journalistikken som noko veldig viktig. Det er ekstremt viktig at me framleis har ei oppegåande presse. Når eg ser på dagens situasjon er eg oppriktig bekymra – men også optimist.

Vanskelege nedskjeringar

Det er der jobben han starta i 1. juni blir spesielt viktig. Eivind har fått jobben som leiar av Institutt for journalistikk (IJ). Instituttet som skal kurse dagens journalistar gjennom ei vanskeleg tid. Kviteseidingen trur den ferske erfaringa hans frå mediebransjen var den viktigaste årsaka til at han fekk jobben i konkurranse med dei fem andre søkjarane.

– Som redaktør i Glåmdalen har eg vore midt oppi krisa den siste tida og veit kor skoen trykkjer. Eg var også med på å utvikle den betalingsmodellen mange nettaviser brukar i dag, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når han no reiser frå det daglege nyheitsarbeidet er det fleire ting han vil sakne, men ein ting er han svært glad for å sleppe.

– Nyheitscowboyen i meg vil nok sakne det å vere midt oppi det når det smell. Men så er det ein del ting eg ikkje kjem til å sakne, som til dømes nedskjeringane eg har vore med på i det siste. I den tida eg var i Glåmdalen har me måtta krympa med 19 årsverk. Oppseiingane har vore nødvendige, men det er sjølvsagt tøffe samtalar å ta.

– Har det gått inn på deg?

– Det har det heilt klart. Men me har gjort det på ein god og ordentleg måte. Nokon har kome ut frå kontoret med eit smil, andre har teke det forferdeleg tungt. Sjølvsagt er ikkje det noko ein kan ta lett på, slår han fast.

Spesielt viktig no

Mediekrisa ser ikkje ut til å bli mindre påtrengande framover. Store og små aviser rundt om i heile landet slit tungt med tapte annonseinntekter og fallande opplagstal. Jobben til den nye arbeidsplassen hans trur han likevel berre blir viktigare.

– Det er difor denne jobben blir så spennande no. Eg er litt spent på korleis utviklinga vil vere. Kundane våre vil ha mindre pengar til å sende dei tilsette på kurs. Men eg trur det framleis vil vere eit sterkt behov for etterutdanning. Til no har me iallfall god dekning på kursa våre, fortel han.

I jobben for instituttet som held til i Fredrikstad vil han ha ansvar for fagmedarbeidarar, kursleiarar, utviklarar og dei administrativt tilsette. Både den kommersielle drifta og den kreative sida vil kviteseidingen ha ansvar for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein typisk dagleg leiar-jobb, som eg også har vore borti i Glåmdalen i det siste. Her er det derimot ein betydeleg mindre stab med ti tilsette mot 40 i Glåmdalen.

Skryter av heimbygda

Flyttelasset har no gått frå Kongsvinger til Fredrikstad. Ein meir rett stad for familien, meiner Lid.

– No kjem familien nærmare og me er berre 50 minutt frå Askim der me budde tidlegare. Fredrikstad er ein større by med eit betre kultur- og idrettstilbod. Difor gler me oss veldig.

Turen heim til far, farmor, farfar, sysken, tanter og onklar i Kviteseid blir også kortare. Sjølv om ein ikkje høyrer på talemålet at det er der 36-åringen har vakse opp.

– Eg slår litt om når eg er heime. Me flytta mykje rundt då eg var liten og eg bestemte meg for å snakke slik som mor og far – difor blei det aldri hovudmålet mitt dessverre, seier han og slår plutseleg over til vesttelemål.

Heimbygda passar han på å skryte av når han får sjansen.

– Inntrykket mitt er at mange fleire enn før kjenner til og har høyrt om Kviteseid. Eg skryter veldig av bygda og fortel om dei flotte badeplassane og at Carlene Carter ein gong hadde konsert på Sundvang kulturhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trur på papiravisa

Han er vel kanskje programplikta til å seie det – avismannen Eivind Andres Lid. Han svarar fort ja på spørsmålet om me kjem til å ha papiravis om 20 år.

– Ja, det trur eg. Kor mange gonger kjem VTB ut igjen? Tre, ja. Det trur eg er ein modell fleire aviser vil ha i framtida. Eg trur papiravisene kjem til å bli eit meir nisjeprodukt som oppsummerar nyheitsbilete. Det er dyrt å trykke og distribuere. Difor blir det nok færre utgåver. Avisene må omstille seg, for den klassiske avisforma blir kanskje borte.

Lokalavisene trur Lid er dei som står tryggast.

– VTB og andre lokalaviser trur eg vil stå veldig godt. Men eg håpar lesarane forstår alvoret og ikkje seier opp avisa utan å tenkje seg om.