Eigedom har for høg pris
Hovudutval for plan og miljø i Fyresdal avslår søknaden frå Torjus Gaaren om konsesjon på Selid med eit areal på 437 dekar. Avtala pris på 300 000 kroner er ikkje i tråd med ei samfunnsforsvarleg utvikling.
Tidlegare har hovudutvalet gjeve Hans Øyvind Austjord løyve til å dele Selid frå driftseininga Austjord, men formål om at teigen skulle leggast til Nygård, som Torjus Gaaren eig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sakshandsamar Elin Skålid i Fyresdal kommune kom fram til ein pris på 200 600 kroner for eigedomen der 213 dekar er skog middels bonitet, 75 dekar låg bonitet og 149 dekar er uproduktiv mark.