Éin av 30 er fyrstegongsveljar
Kor mange kan stemme ved kommunestyrevalet? Kor mange kan stemme for fyrste gong, og kor mange utanlandske innbyggjarar går til val her lokalt? Her er den fullstendige oversikta over røysteføre i Vest-Telemark.
Den siste oppteljinga frå Statistisk sentralbyrå viser at det er 11 297 personar frå Vest-Telemark som har høve til å stemme ved årets fylkestingsval og kommunestyreval. Det er ein liten overvekt av menn, då det blant dei røysteføre i Vest-Telemark er 5751 menn og 5546 kvinner. Alle kommunane i Vest-Telemark har fleire menn enn kvinner. Tabellen til denne saken viser kor mange røysteføre det er i kvar kommune.
Valdeltaking
For aller fyrste gong i historia er det over fire millionar personar med stemmerett ved eit norsk val. Sidan førre lokalval for fire år sidan har mengda auka med 218 000 personar. Tilsvarande kan vi lese oss fram til at det er 58 fleire røysteføre i Vest-Telemark denne gongen enn kva det var for fire år sidan. I Tokke er det faktisk 32 færre enn sist, mens Vinje har størst auke med 50 i pluss (opp 1,7 prosent).
Artikkelen held fram under annonsen.
Og mens vi framleis er i 2011, så skular vi på valframmøtet den gongen, som var på 68 prosent i snitt i våre seks kommunar. Dersom vi trur at deltakinga blir den same – så betyr det at om lag 7700 personar går til valurna på måndag (eller har førehandsrøysta). Men det er sjølvsagt lov til å håpe på at medverknaden og engasjementet har auka denne gongen. Deltakinga varierte frå 60 prosent i Kviteseid til dryge 77 prosent i Nissedal.
Fyrste gong
Så har vi dei som er på «fyrstereis» då. Alt i alt er det 359 innbyggjarar i Vest-Telemark som har høve til å stemme i sitt aller fyrste val. Då har vi altså ikkje med alle dei som kunne debutere i røystelokalet i Stortingsvalet for to år sidan. Det er 3,9 prosent av alle røysteføre i Tokke kommune som er fyrstegongsveljarar. På landsbasis er delen på 3,3 prosent. I Seljord, Nissedal og Kviteseid er delen nede i 2,9 prosent.
Innvandrarar
Delen utanlandske veljarar aukar i Noreg, og totalt er det snakk om over ein halv million røysteføre ved årets val. I Vest-Telemark bur det totalt 130 personar med innvandrarbakgrunn som kan stemme i lokalvalet på måndag. Av SSB-tala kjem vi til at 22 av desse stammer frå eit nordisk land, mens 71 kjem frå andre europeiske land – og 37 kjem frå «resten av verda».
Vinje har flest røysteføre innvandrarar, med 44 i talet.
Desse kan stemme
Røysteføre Menn Kvinner Første gong Innvandrarar
Seljord 2363 1183 1180 69 15
Kviteseid 2026 1036 990 61 27
Nissedal 1143 584 559 33 12
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyresdal 1025 535 490 30 17
Tokke 1808 932 876 70 15
Vinje 2932 1481 1451 96 44
Kjelde: SSB