– Ein bil som skal glede mange
Ein raud liten Toyota finansiert av gode handlingar og samarbeid er klar for øvingskøyring og som opplæringsarena for ungdom. – Dette er god integrering, seier flyktningkoordinator i Kviteseid, Tone Syftestad.
Etter eitt år i jobben som flyktningkoordinator ser Tone Syftestad tydlegare kva behov som er naudsynt. I samband med introduksjonsprogrammet alle flyktningane må gjennomføre – arbeider ein mellom anna med at folk skal bli sjølvstendige og økonomisk uavhengige.
– Om flyktningane skal busetje seg og skaffe arbeid, er det naudsynt å ta førarkort. Lite kollektivtrafikk gjer at førarkortet ikkje er luksus, men naudsynt. Me har kome i gang med opplæringa – éin har tatt førarkort og fleire har starta, seier Syftestad.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men med låg inntekt og ingen familie som kan hjelpe, treng dei nye innbyggjarane nokon dei kan øvekøyre med slik at dei kan lære meir og spare litt pengar, seier ho.
Godheit
Syftestad fortel at ho under Godheitsveka i 2016 blei kontakta av pastor i Fredheim pinsemenigheit, Rolf Inge Johansen, med spørsmål om ho kunne fortelje om kommunens arbeid og planar for å ta imot flyktningar.
– Kollekten etter Godheitsveka i Kviteseid blei då gjeve til integreringsarbeid i kommunen. Under Godheitsveka i år var fleire av våre nye landsmenn med og hjelpte eldre og andre med måling, hagearbeid og vasking – for me ville gje noko tilbake. Overraskinga var difor stor då årets kollekt også blei gjeve til integreringsarbeid, seier flyktningkoordinatoren.
Bil frå kollektpengane
Syftestad presenterte ideen om å bruke pengane som hadde kome inn til å kjøpe ein bil for øvingskøyring. Dette var pastoren svært positiv til.
– Rådmannen var også positiv og gav oss «grønt ljos», smiler Syftestad og viser stolt fram ein raud liten Toyota.
Ho seier at fleire ynskte å bidra då det blei kjent at dei skulle kjøpe bil, mellom anna ville JB bilservice i Vrådal sponse EU-kontroll.
– Og Atle Andersen på Kviteseid motorservice – som har starta eit samarbeid med kulturskulen i Kviteseid om eit nytt mekanikk-tilbod til hausten – vil eige og bruke bilen i undervisninga. Dette sikrar at me har ein bil som er i god teknisk stand, seier Syftestad.
– Det er kreativt og ein kjempegod idé å kjøpe denne bilen. Og det er fint når fleire samarbeider, seier Johansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Treng erfarne førarar
Nå er bilen på plass og dei nye innbyggjarane i Kviteseid vil gjerne ut på øvingskøyring.
– Har de friviljuge som stiller opp for å øvekøyre med den nye bilen?
– Me har vore i kontakt med nokre, men me treng fleire. Tilbodet om øvingskøyring skal fyrst og fremst vere for deltakarar i introduksjonsprogrammet, men andre som ikkje har bil eller nokon å øvekøyre med kan også få tilbod, seier Syftestad, og oppmodar førarar som kan avsjå litt tid om å ta kontakt med henne eller friviljugkoordinatoren i kommunen.
Integrering
Syftestad meiner at øvingskøyring er ein fin arena der ein kan vere sosial og få eit nettverk. Ein blir kjent, kan snakke norsk og sjølvsagt lære å køyre bil.
– I denne bilen får me fram alt dette – det er så utruleg mykje i å lære å køyre bil – det er rett og slett eit kinderegg av integrering – og dei som melder seg som friviljuge vil få mykje tilbake dei óg, smiler flyktningkoordinatoren.