Ein dag blant heltane
Sløkkje brannar, sjå ein bil bli klypt i to, og eta så mange pylser ein berre orkar. Open dag på brannstasjonen er oppskrifta på ein draumedag.
Brannstasjonar over heile landet inviterer publikum som eit ledd i brannvernveka. I Vest-Telemark var det berre Vinje brannvesen som opna stasjonsportane laurdag. Kanskje var det difor foreldre og barn strøymde til Åmot heile dagen.
– Det må ha vore minst hundre ungar her, smiler Unni Peersen Ravn –som er ein av dei to kvinnelege brannkonstablane i Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når VTB er innom, står barn og vaksne på rekkje – heilt stille. Dei ser på at tre brannfolk trykkjer seg inn i ein flatklemt bil, før dei skal reddast ut att ved hjelp av to store klyppeverktøy som kan opne bilen som ein hermetikkboks. Medan brannkonstablane og ambulansepersonalet «reddar» dei tre ut av bilen, forklarar dei to som er ansvarlege for høvesvis brann og helse på staden korleis ein går fram og kva som er viktig å tenkje på når ein kjem til ei ulykke og skal redde liv. Politiet er ofte langt unna, og det er brannvesen og ambulanse som er på plass fyrst.
– No er me to etatar her, og den tredje er der den brukar vera. Då er det befal frå brannvesenet som har ansvaret, fortel Ole Jon Almenning i brannvesenet.
Brannmann Sam er helten
Heile tida medan redningsaksjonen går føre seg, sit Tom Andre Hustveit Bjerke (13) i førarsetet på Raulands-brannbilen. Om han kunne tenke seg å bli brannbilsjåfør?
– Nja. Eg har meir lyst til å køyre lastebil, svarar han.
Veslebror Storm Hustveit er 4 år gamal, og synest også det er heilt topp med brannbil. Han synest det er litt for skummelt å snakke med avisa, men pappa Aslak kan stadfeste at det stort sett går i Brannmann Sam på fjernsynet.
Brannfarleg årstid
Open brannstasjon er eit svært populært arrangement over heile landet. Føremålet med dagen er å samle barn og vaksne til morosam læring med ein alvorleg undertone i det hausten tek til – ei tid der talet på bustadbrannar normalt aukar. Då er kunnskap om brannfare og brannøvingar i heimen viktig.
Sjå fleire bilete frå dagen idette biletgalleriet.