Ein festival for store og små
I ei veke er over 2000 menneske frå Skandinavia samla til Korsveifestival på Dyrskuplassen.
Korsvei blei etablert fordi mange spurte seg spørsmålet; «Kva vil det seie å vera Jesu disippel i vår tid?», fortel festivalsjef Lasse Heimdal.
I dag er det ein heilt annan kunnskap om kva som skjer rundt i verda. Det er enklare å frakte både menneske, informasjon og pengar over store avstandar, og dette stiller kristne overfor andre problemstillingar enn før, held han fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
I rørsla Korsvei fokuserer dei blant anna mykje på forbrukskultur, fattigdom, rettferd og miljø.
Me har sjansen til å gjera ei forandring i verda. På Korsveifestivalen samlar me blant anna inn pengar til ulike prosjekt. I år skal pengane gå til eit prosjekt for å skaffe arbeidsplassar til kvinner i Tanzania. På førre festival samla me inn om lag ein halv million kroner, og me håpar på det same i år, seier Heimdal.
Moro i lavvo
Tormod Rossavik frå Sandnes har med seg heile familien på Korsveifestival for andre gong. Festivalen for to år sidan freista til gjentaking sjølv om det den gongen var pøsregn.
Det er heilt supert med så fint vêr i år, men me kosar oss uansett. Det var svigerforeldra mine som tipsa oss om festivalen, så me tenkte me måtte prøve. Det angrar me ikkje på.
Han kan fortelje at festivalen er ein favoritt hjå borna som synest det er spesielt stas å få sova i lavvo. Sjølv meiner han det å bli kjent med mange nye folk og vera med på ulike arrangement er det artigaste.
Det er fleire gode konsertar her, og så synest me det er spanande å gå på dei ulike seminara. Det er så klart viktig at det skjer mykje for borna og at dei kosar seg her.
Gratis for seljordingar
Guro Veum frå Fyresdal sit i festivalkomiteen og kan fortelje at dei har hatt tilbod om gratis dagspass for alle frå Seljord.
Det er viktig for oss å ha eit godt forhold til lokalsamfunnet, og me skulle gjerne sett at fleire hadde nytta seg av dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho trur ikkje at det er festivalen eller programmet som er grunnen til at det ikkje er så mange vesttelar innom.
Eg trur mange helst vil reise litt lenger vekk for å få den gode feriekjensla.
Dette seier Rossavik seg einig i.
Seljord er ein kjempeflott plass å ha festivalen, og me synest det er litt ekstra stas å reise eit stykke unna når me skal på ferie.
Det beste festivalområdet
Festivalsjef Heimdal har heller ikkje anna enn godord om å arrangere festival i Seljord.
Eg vil seie Dyrskuplassen i Seljord er det best tilrettelagte festivalområdet i Noreg. Me er veldig nøgde, og me har hatt eit veldig godt samarbeid med Dyrskun arrangement. Dei er rett og slett profesjonelle, og har blant anna hjelpt oss med å få tak i kortreist mat som me meiner er viktig.
Lokalbefolkninga har også tatt godt imot Korsvei. Heimdal kan fortelje om opne, gjestfrie og trivelege menneske i Seljord.
Det er moro å bli tatt imot på den måten, og me set også veldig stor pris på velvillige lokale kyrkjelydar som me har hatt eit godt samarbeid med. Det er viktig for oss å ha eit godt forhold til lokalmiljøet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rettferdig mat
I tillegg til å vektlegge kortreist mat er det også viktig for korsveiarane at mest mogeleg av maten skal vera rettferdig og økologisk.
Det er mange måtar me kan fremje rettferd på. Å handle fairtrademerka varer er ein av dei. Då sørgjer ein for at menneska som har produsert maten får ei rettferdig løn, seier festivalsjefen.
Frå tysdag til torsdag har husdyrhallen på Dyrskuplassen vore omgjort til eit utsal for økologiske og fairtrademerka varer. I tillegg er mykje av maten festivaldeltakarane lagar også rettferdig og økologisk. For deltakarane lagar nemleg middagen sin saman, som med det meste ved dugnadsfestivalen. Også Heimdal er berre ein vanleg frivillig, som han seier det sjølv.
Så å seie alt her blir gjort på dugnad. Dette er både av økonomiske omsyn og fordi me meiner det skaper ei fellesskapskjensle. Det er ein måte å bli kjent med nye menneske på å jobbe saman for noko, avsluttar Heimdal.
Korsvei
- Kristen rørsle stifta i 1985.
- Ei skandinavisk stifting.
- Tverrkyrkjeleg.
- Arrangerar fyrst og fremst sommarfestivalar og seminar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Er meint som eit tillegg til kyrkjelydsliv i nærmiljøet.
- Arbeider etter fire «vegvisarar»: Søke Jesus Kristus, bygge fellesskap, leva enklare og fremje rettferd.
Kjelde: www.korsvei.no