Ein gong var det kyr på kvar ein gard
Eivind Svinjom (68) og kona Bjørg (65) hadde mjølkekyr i over 40 år før dei gav seg. – Me fann ut at det var på tide med litt rolegare og betre dagar, seier ekteparet.
På garden Svinjom i Åmotsdal har Bjørg og Eivind Svinjom framleis dyr i fjøset. No er det ammekyr med kalvar, og nokre digre oksar som står på båsane. Heilt tomt er det ikkje. Men mjølkeproduksjon er det slutt på.
– Me hadde mjølkekyr fram til hausten 2013, men då eg fylte 67 år fann eg ut at det var nok. No er eg pensjonist, seier Eivind.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men arbeidslaus er han ikkje. Då VTB tek turen innom, førebur han utkøyring av møkk og arbeider med å få kopla opp traktoren til gjødselpumpa. Dagane som pensjonist er travle.
40 år
Ekteparet tok over garden formelt i 1974, men det var kyr på garden før den tid óg, Eivind hadde vore med i drifta frå barnsbein av.
– Det har vore kyr her i alle år, og eg vaks opp med det, seier Eivind.
Ved overtakinga blei mjølkeproduksjonen utvida. I 1976-77 bygde dei nytt fjøs, stort for den tida med heile seksten båsar.
– Då fekk me advarsel frå myndigheitene om at me bygde for stort, fortel Bjørg.
På dei førti åra har endringane innanfor mjølkeproduksjon vore mange og store. Rundballar i staden for silo, mjølkerobotar og heilautomatiske fjøs har endra driftsformene mykje rundt om på gardane. Eit fjøs med seksten kyr blir ikkje rekna som stort i dag.
– I ein historisk samanheng er ikkje dette ei stor epoke, så utviklinga har vore enorm, ser Eivind.
Les om småbruka som forsvinn i VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dyr på kvar ein gard
I tillegg til gardsdrift har Eivind halde på som inseminør på storfe sidan 1968. Frå å reise rundt til gardar i Seljord i byrjinga, utvida området seg gradvis. Han har vore rundt om i alle kommunane i Vest-Telemark og til og med Hjartdal, Bykle og Drangedal for å lage kalvar.
Då han byrja i faget var det dyr på dei fleste gardane.
– Det var gjerne to-tre kyr på mest kvar ein gard, og mange av smågardane var veglause, særleg om vinteren, fortel han.
Og sjølv om det var brøytt veg kunne snøføre og is på bratte vegar gje utfordringar.
– Ja, eg minnest ein tur me hadde opp vegen til Blika i Svartdal, opp gruvesvingane. Eg måtte stå i bagasjerommet som ballast heile vegen opp. Det var bare is heile vegen, utfyller Bjørg.
Framleis er Eivind ute på vegane som vikar når dei treng ekstrahjelp på veterinærkontoret, men heldigvis er både vegane og bilane betre no enn før.
Skjedd fort
Dei siste femten åra er det mange som har slutta med mjølkekyr. Rundt 2000 var det 11 mjølkebønder i Åmotsdal. I dag er det to att.
– Det var ein oppsving av mjølkebønder på åttitalet, og det var tett av mjølkebruk i Åmotsdal. I åra etter 2000 var det mange som slutta. Mange yngre slutta også då, fortel Eivind.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det kan vera mange grunnar til at bøndene vel bort mjølkeproduksjon som leveveg på gardane, trur ekteparet.
– Det er lettare å tene pengar på andre måtar enn å drive med mjølkeproduksjon. Ein blir veldig bunden. Og så har ikkje lønnsutviklinga fylgt med resten av samfunnet.
Og i fjellbygdene er ikkje alltid løysinga å bygge større fjøs med store besetningar for å få til auka inntekt.
– Det krev så store investeringar og i Vest-Telemark er det ikkje mange stader det er grunnlag for fjøs til 50 kyr. Det største problemet er gjødselhandteringa. Ein kan alltids få inn nok fôr i løpet av sommaren, men det blir ein masse gjødsel som skal ut. Den må ut på rett tid i forhold til vêr og vekst i graset, forklarar Eivind.
Kritisk
Sjølv om mjølkeproduksjonen er over på Svinjom no, held ammekyrne liv i fjøset. Korleis framtida vil bli for gardsdrifta veit ekteparet ikkje. Det er ingen i dag som er klare til å ta over garden, men dei ynskjer båe at det skal bu folk på garden.
– Eg håpar at tilskotsordningane frå staten blir lagt opp slik i framtida at det også blir mogeleg å drive mindre bruk. Skal ein auke matvareproduksjonen er ein avhengig av både små og store bruk. Og skal ein bevare kulturlandskapet er det avgjerande med beitedyr i Vest-Telemark. Difor er eg svært kritisk til regjeringas politikk om å kutte tilskot til beiting og samstundes ta pengar frå jordbruksavtala for å rydde vegkantar. Dette i motsetning til somme av landa i Alpane der det bli sett av pengar over kulturbudsjettet for å bevare kulturlandskapet, seier Eivind.
Les meir om jordbruksavtala i VTB.