Det betyr mykje for matjorda at den blir sikra mot flaum. Her frå Ytre Øyan i Flatdal som viser verknadene frå elva på jordbruksområda.
Det betyr mykje for matjorda at den blir sikra mot flaum. Her frå Ytre Øyan i Flatdal som viser verknadene frå elva på jordbruksområda.

Ein halv million til flaumtiltak på Flatdalsøyane

Store nedbørsmengder skaper store utfordringar for landbruket på Flatdalsøyane. No er det sett av ein halv million kroner til tiltak mot flaum på jordbruksareala.

Dei store nedbørsmengdene har over fleire år skapt store problem for bøndene i Flatdal. Vatnet i elva fløymer over ved mykje nedbør og flaumsikringa er svekka fleire stader. Det gjev utfordringar. Matjord forsvinn, avlingar står under vatn og forureining blir ført med vatnet.

Seljord kommune jobbar saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med planar for å sikre Flatdalsøyane mot flaum. I samband med arbeidet har kommunen fått ei tilleggsløyving til hydrotekniske tiltak frå SMIL-ordninga (spesielle miljøtiltak i landbruket) til Fylkesmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hydroteknikk er en samlenemning på eit fagområde som mellom anna omfattar grøfting og drenering, lukkingsanlegg og kummar.

Dei spesielle miljøtiltaka i landbruket har som mål å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket og redusere forureining frå jordbruket. God handtering av overflatevatn og rett dimensjonering av hydrotekniske anlegg er viktige klimatiltak.

– Det er og eit viktig tiltak for bønder å halde fram med jordbruksproduksjon og sikre matjordverdiar, melder Fylkesmannen.

Telemark fekk til saman 3,1 millionar kroner til fordeling til kommunane i Telemark. Det er kommunane som fordeler midlane til tiltak.

VTB 3. desember 2015: Gode råd, men ingen lovnadar om pengar