Ein haug med vilkår
Telemark fylkeskommune tilrår å gje dispensasjon for å flytte Skeisteinen fordi han er så utsett for skade der plasseringa er i dag. Men det blir sett ein del vilkår for dispensasjonen:
Det må kome ei konservatorfagleg vurdering som gjev informasjon om tilstanden til runesteinen, og korleis han blir best mogleg oppbevart etter flytting.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det må lagast plan for plasseringa av steinen etter flyttinga. Bør han framleis stå ute, med eller utan tak, eller kome innandørs? Skal han igjen bli fundamentert i bakken, eller bør det skje over bakkenivå?
Ved den nye plasseringa til steinen må det vere ei informasjonstavle som fortel om kulturminnet og opphavleg kontekst. Som del av flyttinga må det kome ein formidlingsplan. Planen må dekkje både notidas og framtidas behov for informasjon, og gje rom for nye formidlingsformer.
Blir det bestemt å plassere Skeisteinen i Øyskogen, må han stå i kontekst med husa frå middelalderen på bygdetunet, og ikkje gravfeltet frå jernalderen.
Det må lagast ein kopi av runesteinen som blir plassert på opphavleg stad med eit informasjonsskilt som opplyser om dette, og om kulturminnet. Han må merkast på ein slik måte at det går tydeleg fram at det er ein kopi, og ein må vise til kvar den originale steinen kan sjåast.
I samband med at steinen blir grave opp, må det kome ei avgrensa arkeologisk undersøking på staden. Det for å avklare om det kan vere bevarte spor etter aktivitet i undergrunnen rundt steinen, og i nedgravinga han er plassert i.
Det må også kome ei avgrensa arkeologisk undersøking i Øyskogen, om steinen kjem der og igjen blir fundamentert i bakken. Det er ei naturleg fylgje av at bygdetunet er plassert delvis på og i kanten av eit gravfelt frå jernalderen.
Det må bli laga ei avtale mellom Fyresdal kommune/Vest-Telemark museum og Kulturhistorisk museum om plasseringa av steinen i Øyskogen.