7, med mest motor og to turbinar.
7, med mest motor og to turbinar.

Ein hobby for mannfolk

På flyplassen i Fyresdal sirklar miniatyrflya rundt og rundt, spinn oppover, stupar nedover, landar og tar av i eit køyr. Det er Jets of Norway som har treff for å leike seg med avanserte, radiostyrte jetfly.

Dette er hobbyen for menn i sin beste alder. Miniatyrflya kostar titusenvis av kroner å byggje, dei tek stor plass, både i bilen og i livet til desse entusiastane. Ingen damer var å sjå på Fyresdal flyplass, og ingen damer er med i klubben.

– Eg har svart belte i fly og kona har svart belte i shopping, forklarar Tor Christiansen frå Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er viktig å få miniatyrflyet til å likne mest mogleg på originalflyet. Christian Melgaard frå Oslo tankar opp det største miniatyrflyet på stemnet med ekte Jet Fuel. Denne maskina har to turbinar og sparkar godt frå når det lettar frå stripa. Nokre av dei radiostyrte flya kjem opp i 350 kilometer i timen.

Turbulens

Tilsaman er det 50 jetpilotar i Noreg, og i helga var halvparten av dei samla i Fyresdal. Seks gjester frå Danmark var også på banen med sine flygemaskiner i miniatyrformat. Oppvisinga av flykunster var annonsert i Fyresdal, og laurdag kom mange for å vere publikum.

Denne helga baud på skiftande vêr, frå strålande sol til plutselege vindkast og kraftige regnbyger. Altså nokså utfordrande flyforhold. Eit uhell blei det også på grunn av turbulens. Ein danske måtte reise heim med krasja F-16-fly.

– Me har fått veldig god service her i Fyresdal, både når det gjeld flyplassen, der me har fått låne klubbhus og hangar, og på hotell og serveringsstader. Det einaste me ønskjer oss er at dei høgg 20 meter av skogen på den eine sida. Den skaper litt turbulens for miniatyrflya, seier Trond Hammerstad i Jets of Norway.