Jørund A. Ruud, Bård Hogsrud, Lars Bjaadal, Halfdan Snøås, Per Arne Strandkås og Gunn Marit Helgesen. Bak rattet Stein Rønningen.
Jørund A. Ruud, Bård Hogsrud, Lars Bjaadal, Halfdan Snøås, Per Arne Strandkås og Gunn Marit Helgesen. Bak rattet Stein Rønningen.

Ein ille veg på sitt beste

Uheldigvis for vegaksjonistane i Fjågesund kom det snø i helga som tetta att dei fleste hola. Likevel blei fylkespolitikarane rista litt i, fysisk på bussturen og verbalt på grendehuset.

Ønskjelista for den tolv kilometer lange fylkesvegen mellom Kviteseid bygdetun og Fjågesund lyder på oppretting og nytt dekkje til ein prislapp av 3,8 millionar kroner. Vegaksjonistane Halfdan Snøås og Per Arne Strandkås tok måndag med seg fylkespolitikarane på ein busstur att og fram etter vegstrekkja og presentera ønskjet på grendehuset etterpå. Ikkje forlanga fjågesundingane gåva før jol heller. Som Strandkås uttrykte det: «Bare me får garanti for at arbeidet blir sett i gang til sommaren...»

Det kunne fylkespolitikarane sjølvsagt ikkje lova. Men bygdefolket beit seg godt merkje i at fylkesvararordførar Lars Bjaadal (Sp) omtalte kostnadane til vegopprustinga som eit bitte lite beløp og sa at det er få prosjekt som treng så lite pengar. Men då var fylkesordførar Gunn Marit Helgesen (H) kjapt ute med å fortelje at 3,8 millionar kroner ikkje er eit så lite beløp at det bare er å hente opp. I staden signaliserte ho at det ville bli diskutert ei vegpakke for fylkesvegane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje i 2005

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Jørund A. Ruud, fortalde at Fjågesundvegen ikkje er prioritert høgt i langtidsplanen for fylkesvegar.

– Me har mange andre prosjekt som må realiserast fyrst. Men i staden for å vera eit investeringsprosjekt bør Fjågesundvegen heller vera eit vedlikehaldsprosjekt. Då er det mest optimistiske signalet me kan gje at vegen kan koma på vedlikehaldsbudsjettet for 2005, sa han.

Leiar for infrastrukturutvalet, Bård Hogsrud (Frp), skrytte av initiativet til vegaksjonistane, men hadde heller ingen pengar å kome med frå utvalet si side.

Men kor kjem eigentleg pengane til vedlikehald av vegar frå? Det lura Per Arne Strandkås på, og sikkert mange med han.

– Når de skal få tak i pengar, må de til Oslo, spurde han. Og fekk til svar av fylkesordføraren at det er Stortinget som fastset totalramma.

– Så er det vår oppgåve å prioritere. Kan hende me må ta midlar frå skular, svara ho.

Kvinner på kjøkkenet, karar på tur

For å få til aksjonen og folkemøtet med servering av snittar og marsipankake på grendehuset var mange gode krefter i gang i eit spleiselag. Kjøkkenet var fylt av kvinner frå Fjågesund vel, grendelaget og idrettslaget, medan karane var på busstur med fylkespolitikarane. På bussturen, som talde eit tjuetals personar, var fylkesordføraren einaste kvinnelege innslaget.

Bussjåfør for dagen var Stein Rønningen, som elles har brøytinga av den omtalte vegen. Heilt nøgd med snøen som hadde kome og tetta hola var han ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det skaka og humpa bra for det. Ofte kjenner eg meg meir som ein rodeoryttar enn brøytebilsjåfør, er Rønningen sin karakteristikk av vegen.

Også Seljord og Kviteseid Ambulanseteneste var representert på møtet. Dagleg leiar Geir Venås nytta høvet til å seie noko om sjuketransporten på dårlege telemarksvegar.

– Vedlikehaldet er sleppt for langt ned. For å køyre komfortabelt for pasientane må me ned i ein snittfart på mellom femti og seksti kilometer i timen. Det må ikkje bli slik at det blir farleg å bu på bygdene, var bøna frå ambulansetenesta.

Strandkås og Snøås var godt nøgde både med at dei sentrale fylkespolitikarane tok turen for å sjå, oppleve og lytte og at fjågesundingane møtte mannsterke opp. Det gjorde derimot ikkje Statens Vegvesen, som også var inviterte til synfaringa.

– Kåre Langeland i strategistaben i Statens Vegvesen Region Sør sende ein fax der dei sa dei ikkje kunne møte på grunn av avvikling av joleferie, konstaterer Per Arne Strandkås.