Ein million trengst for å vøle Gamlekyrkja
Kviteseid gamle kyrkje er prega av forfall. Om lag ein million kroner trengst for å setje kyrkja i stand til 750-årsjubileet i juni neste år. Kommunen slit med å skaffe pengane, men har til denne tid sett av 200.000 kroner.
Murpussen skallar av på ytterveggane og mykje treverk er rote. Særleg ille er det ved inngangen. Der er skadane omfattande. Inngangsportalen til kyrkjegarden er også roten og vindskeiv.
Ordførar Torstein Tveito stadfestar at det er Kviteseid kommune som har ansvaret for vedlikehaldet. Det er ein kostbar affære å vedlikehalde den gamle og freda steinkyrkja. Ordføraren seier forfallet ein ser i dag er ein konsekvens av svak kommuneøkonomi i mange år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ja, det skal økonomisk ryggrad til å halde Kviteseid gamle kyrkje i ein slik stand som me alle ynskjer. Me jobbar iherdig med å skaffe pengar på budsjettet til den jobben som må gjerast på Gamlekyrkja. Førebels har me øyremerkt 200.000 av dei kronene kommunen fekk i ekstra sysselsettingsmidlar frå regjeringa tidlegare i år, til kyrkje-oppussinga, fortel Torstein Tveito.
Kritiske skadar
I fylgje ordføraren er inngangspartiet, vinsjeborda og pannebanda mest kritisk å få gjort noko med. Han vonar at ein god del av dette arbeidet er gjort før jol. Om det er mogleg å få utbetra alle dei ytre skadane på kyrkjebygget før jubileumsfeiringa i juni neste år er enno usikkert.
Kyrkjekontoret jobbar hardt for å skaffe dei midlane me treng for å kome heilt i mål, seier ordføraren.
Kyrkjeverje Jan Einar Eng kan ikkje seie når Kviteseid gamle kyrkje sist vart ordentleg vedlikehalde på utsida. Men han seier at det må vere lenge sidan. Skadane ved inngangspartiet meiner kyrkjeverja er mest kritisk å få utbetra. Her har så mykje av murpussen flassa av at vatn kan trengje inn og gje frostskadar når kulda kjem.
Byrjar i haust
Målsettinga er at utbetringsarbeida byrjar i haust for å vøle dei mest kritiske punkta. Om me får dette til er enno ikkje heilt avklart. Slik det ser ut kjem det berre til å verte ei delvis utbetring. Det er langt fram til den millionen me må ha for å gjere alle dei påkravde reparasjonane, seier Eng.
Gamlekyrkja er freda, og er det ikkje mogleg å få Riksantikvaren med på eit spleiselag?
Det syner seg svært vanskeleg å få pengar frå Riksantikvaren. Så langt har me berre dei kronene kommunen har løyvd, fortel kyrkjeverja.
I fjor vart det teke vitskapelege prøver av delar av treverket i kyrkja. Prøvene gav ei datering attende til 1260. Dateringa er utgangspunktet for at soknerådet har bestemt å feire Gamlekyrkja sitt 750-årsjubileum i 2010.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gåve i 1929
Kviteseid gamle kyrkje vart ifylgje skriftelege kjelder restaurert i 1929 under leiing av arkitekt M. Paulsen. Det var fru kammerherre Cappelen som kosta dette omfattande arbeidet, og ho gav dermed Kviteseid ei storstilt gåve.
Etter gamal skikk er kyrkja bygt i austvest-retninga med inngangsportal på sørsida. Portalen er karakterisert som svært sjeldsynt. Ein utskoren treboge er lagt inn i muren over inngangspartia. Motivet er to drakar fletta inn i einannen i strid. I døra i portalen er ein fint smidd ring, som sagnet seier at når ringen er avsliten så er det verdas ende.