Ein nedtur som aldri før
Fyresdalpolitikarane set ordførar Saamund Gjersund så høgt at dei heidra han med eit tandemhopp i fritt fall frå 4.000 meters høgde over eigen kommune. Neste gong styrer ordføraren heller eit fly enn å kaste seg ut i fallskjerm.
Då Fyresdal-ordførar Saamund Gjersund fylte 50 år i mars, måtte lokalpolitikarane finne ei spenstig gåve til han.
- Me kunne ikkje bare kjøpe blomar og lysestake til ein mann som er så tøff og utradisjonell, seier varaordførar Hilde Martini Momrak om Gjersund som mellom anna fartar til Danmark i eigen seglbåt og ikkje er kjent for å vere skuggeredd i politikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lokalpolitikarane tryggleiksklarerte med kona til Gjersund om ho trudde det gjekk greitt å gje han eit tandemhopp i gåve, noko ho sa ja til. Dermed blei det gjort klart for take off med å vise ein demonstrasjonsvideo om fallskjermhopping då ordføraren blei feira i mars.
- Det tok lang tid før Gjersund forstod at fallskjermhopping var presangen han fekk. Men då det endeleg gjekk opp for han blei han temmeleg bleik. Han har bruka eit halvt år på bearbeidinga, så no er han vel klar, smiler varaordføraren sist fredag, medan det blir gjort klart til tandemhoppet under Grenland fallskjermklubb sitt årlege treff på flyplassen i Fyresdal.
Sjokkskada
- Det går forbausande bra med nervane. Men når eg kjem opp og ser ned og knapt nok ser botn
Gjersund har nett innfunne seg på flyplassen for å gjere noko han aldri har gjort før.
- Eg blei sjokkskada då eg fekk tandemhopp-gåva i mars, og det såg folk, mimrar ordføraren.
- Og så eg som til og med er redd berg- og dalbane. Tivoli på Dyrskun får stå i fred for meg, held han fram.
Medan han går rundt og ventar på at makkeren under hoppinga skal kome med fly frå Skien, ser han på andre frå fallskjermklubben som er i gang med det eine svevet etter det andre. Alle går inn for landing på graset like ved flystripa. Den eine av dei får bakkekontakt litt nærare ungskogen og plutseleg sprett det ut ein hareunge frå skjermen då hopparen samlar han saman. Hopparen er også jeger, men vedkjente at han aldri hadde fått småvilt på denne måten før
- Det var tynne snorer, kjem det stille frå Gjersund, i det han tek ein titt bort på fallskjermen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skøyar med ordføraren
Det er ikkje bare han som går rundt og trippar og ventar. Somme av dei kommunetilsette smiler og smiler, og ser verkeleg fram til at ordføraren blir sendt til vêrs. Gjersund må tole den eine skøyarkommentaren etter den andre.
- Det spørs om ikkje varaordføraren har ambisjonar om å overta etter meg, det var ho som fann på dette, ramlar det ut av Gjersund.
Dagen etter skal tidlegare Fyresdal-ordførar Edvard Nesland også ut i tandemhopp, dermed er både fortid og framtid i fritt fall same helga.
- Men Edvard ynskte å hoppe, han , seier ordføraren.
- Vil du ha utvida forsikring, spør ein frå fallskjermklubben som bed Gjersund fylle ut eit skjema.
- Nei, pytt pytt, svarar politikaren frå Bygdelista.
- Erklære at eg er fysisk normal, det var då veldig då. Eg må krysse av for akutt tilfelle av nervøse lidingar, kjem det frå ordføraren der han sit med nasen ned i skjemaet.
- Det har vore tekniske problem med flyet frå Skien, så det er forseinka, opplyser ein frå fallskjermklubben under den uventa lange oppvarminga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Posering i lause lufta
- Fallskjermhopping er farleg, det visste du kanskje?
Tandemmakker Erik Johnsen er endeleg på plass frå Skien og opnar smilande med desse orda før instruksjonen startar.
- Du er spent fast til meg, så du kjem ingen veg, roar han.
Ordføraren fortel at han kjenner seg trykt saman der han står i hopputstyret, og får til svar at det høyrest bra ut.
Gjersund får forklart kva han skal gjere for å sveve med magen mot bakken i 50 sekundar med fritt fall frå 4.000 meters høgde, før fallskjermen blir løyst ut.
- Det ser litt dumt ut om me pløyer åker bortetter her, seier Johnsen, og forklarar ordføraren rett landeteknikk.
Bleik
Så er endeleg tida komen for at ordføraren blir studd inn i eit lite fly saman med hoppmakkeren og ei mengde andre fallskjermutøvarar. Gjersund ser spent og bleik ut og det er slutt på kommentarane hans.
I ei himmelsk høgde kastar han og makkeren seg ut i 50-års gåva. Bare det å vente 50 sekundar på at fallskjermen skal slå seg ut, blir nok eit evig minne. Og så er det desse fotografane som også kastar seg ut av flyet og svevar rundt ordføraren med kamera, og skal ha han til å posere i lause lufta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter ein nedtur Gjersund aldri har vore med på før, tek han bakkekontakt med stil. Småkvalm etter nokre piruettar han ikkje fylgde med på, treng han litt tid for seg sjølv for å kome til hektene.
- Det var veldig godt ikkje å skulle bestemme sjølv når eg skulle hoppe ut av flyet. Det var litt komplisert å puste medan me var i fritt fall, men det var ei artig oppleving å vere med på fallskjermhopping. Hjarteleg tusen takk for påfunnet. 50-års gåva til varaordføraren skal i alle fall bli værre enn dette, kjem det frå ordføraren medan smilet er tilbake.
- Eg skal ikkje bli fallskjermhoppar, får heller flyge dei som vil hoppe, fortset Gjersund, ordføraren som er i full gang med å ta flysertifikat.