Elisabeth Gasmann og Karl Rune Hansen skal jobbe i frivilligsentralen, eit nytt innslag alle fyresdølane kan nytte.
Elisabeth Gasmann og Karl Rune Hansen skal jobbe i frivilligsentralen, eit nytt innslag alle fyresdølane kan nytte.

Ein sentral plass å møtast

Tysdag opna frivilligsentralen i Fyresdal dørene. Det nye innslaget skal vere for alle i kommunen.

– Det er uendeleg kva ein kan finne på i ein frivilligsentral, det er bare at folk er interessert i det. Og frivilligsentralen er for alle i kommunen.

Orda kjem frå Karl Rune Hansen. Han og Elisabeth Gasmann har gått ned i stillingsprosentane i Telemark Lys for å ha høvevis 30 og 20 prosent stilling i frivilligsentralen. Det nye tilbodet skal halde til på Gardar, der det tidlegare var barnehagedrift. Bygget ligg kloss inntil helsehuset, og bare få meter frå skulen og dagens barnehage.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statleg tilskot, saman med at Telemark Lys betaler ein halvdel av stillingsressursen på sentralen, gjer at ein har fått på plass tilbodet. Men attføringsverksemda er ikkje involvert i drifta av sentralen.

– Målet er at stillinga her blir på 100 prosent, seier Karl Rune Hansen.

Utlån av utstyr

Tysdag ettermiddag var innbyggjarane i kommunen velkomne til å vere med og feire opninga med god mat og mange kaker. I lokalet var det skjema til å fylle ut om ein ynskjer frivillig hjelp til noko, eller om ein sjølv kan yte frivillig hjelp.

– Det er veldig viktig at folk kjem med idear om kva me kan drive med her, og me satsar på godt samarbeid med lag og organisasjonar, seier Hansen.

Det er søkt om midlar til å kjøpe skiutstyr, skøyter og syklar for utlån, og ynsket er også å få ein sykkeltaxi. Strikkemaskin og symaskin er alt på plass, det same er datamaskiner folk kan låne når dei er på Gardar. Og kanskje er det nokon unge som kan tenkje seg å ha datakurs for eldre.

Forskjellige aktivitetar

Andre kurs som kan kome i gang gjennom sentralen og ved hjelp av frivillige er til dømes innan strikking, hekling, sying, reinhald, truckførar, maskinførar, bruk av motorsag, riding, matlaging, baking, fotografering og bruk av musikkinstrument.

Kanskje kan frivillige bli besøksvenn, køyre til fotballkamp ved behov, lære andre å sykle eller ta med nokon på sykkeltur, måke snø, klyppe plen eller handle mat for eldre.

Tolv timar kvar tysdag vil frivilligsentralen vere open.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil prøve å ha forskjellige aktivitetar, men fyrst er det full feiring av opninga i ettermiddag, seier Hansen.