Alle dei 347 deltakarane stilte opp på fellesbilete fyrste dagen på fotballskulen.
Alle dei 347 deltakarane stilte opp på fellesbilete fyrste dagen på fotballskulen.

Ein sportsleg møteplass

Det har aldri vore så mange på fotballskulen i Vrådal som denne veka.

På fotballbanen ved skulen i Vrådal yrer det av liv på ein tysdag morgon. Unge fotballentusiastar har innteke bygda, og det er stemning og speleglede. I år kjem fotballspelarane frå til saman 50 ulike klubbar i Noreg, Danmark og Island. Ungane som kjem blir delte inn i ni ulike grupper etter alder, der den yngste gruppa er for born i seks-årsalderen og den eldste er for sekstenåringane. I tillegg er det ei eiga keepergruppe.

Fotballskulen blir arrangert for 33. gong i år, og med 347 deltakarar set dei ny deltakarrekord. Solveig Nekstad er leiar for arrangementet, og ho har mange flinke hjelparar. Dette inkluderer minst 70–80 friviljuge. Mange av dei er frå Vrådal, og ofrar tid og ressursar for at ungane skal få den beste fotballopplevinga. Nekstad trekker spesielt fram dei som har vaksne born, og som framleis hjelper til sjølv om dei ikkje har ein direkte tilknyting til fotballskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er folk som har vore her sidan borna deira var med på skulen. Dei hjelper til kvart år, og på dugnadane før fotballskulen startar veit alle kva dei skal gjere. Det er heilt innarbeidd, fortel ho.

– Utan desse folka hadde det ikkje vore ein fotballskule.

Nekstad nemner også kvaliteten på instruksjonen som ein grunn til at ungane kjem att år etter år, og at dei no har sett ny rekord i talet på deltakarar.

Vrådal fotballskule er ein tradisjon for mange, og det kjem fleire deltakarar kvart år.
Vrådal fotballskule er ein tradisjon for mange, og det kjem fleire deltakarar kvart år.
Det er ikkje mange fotballskular der foreldra blir verande etter å ha køyrd ungane. Å ha foreldra på sidelinja er stor stas for mange av dei unge spelarane.
Det er ikkje mange fotballskular der foreldra blir verande etter å ha køyrd ungane. Å ha foreldra på sidelinja er stor stas for mange av dei unge spelarane.

– Me har flinke og erfarne vaksne trenarar som instruerer. Og i motsetnad til mange andre liknande arrangement blir foreldre og besteforeldre verande i Vrådal heile dagen for å sjå på ungane. Dette skapar ei unik stemning, og gjer at ungane synest det er ekstra stas å spele her.