Eit annleis kyrkjebygg
Snøhetta har saman med kunstnar Borgny Svalastog kome fram til eit kyrkjebygg verda ikkje har sett maken til. Om fjellkyrkje-konseptet i Rauland blir realisert, blir det eit landemerke i særklasse.
Med ein utsikt som spenner over 270 grader og som i klarvêr gjer det mogleg å sjå 180 kilometer, vil både kyrkjebygget og tomta ved Silkedalsnutane i Rauland bli spesielt. Sjølve bygget er tufta på prinsippet om fysisk likevekt med tyngdepunktet i området rundt altaret.
Unikt bygg
Arkitektfirmaet Snøhetta har saman med kunstnaren Borgny Svalastog kome fram til utkastet. Snøhetta har hatt ansvaret for den arkitektoniske utforminga, seier prosjektleiar Rune Lia.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til sjølve kyrkjeromet er det også tenkt ein overnattingsdel med kafeteria og undervisingsrom. Kyrkja er dimensjonert for om lag 200 personar, medan det er tenkt overnattingsplass for 80-100 gjester. Kyrkja og overnattingsdelen er tenkt bygd kvar for seg, men med gang i mellom.
Kyrkjebygget skal stå ytst på tomta og blir sjølve landemerket. Det er tenkt eit kyrkjetorg med ein utsikt som kan ta pusten frå dei fleste. Så blir det ein portal inn til sjølve kyrkjeromet. Det er tenkt ein tunell inne i fjellet som fører til overnattingsdelen med tilhøyrande fasilitetar, forklarer Lia.
Blir signalbygg
Arkitektane har tenkt at kyrkjebygget skal utførast i kvit betong utvendig. På den måten vil bygget vere nøytralt om vinteren og på sommartid vil det sjå ut som ein snøflekk i fjellet. Viss realisert blir bygget eit signalbygg av dimensjonar.
Det er gjennomtenkt og Snøhetta har teke med seg fortida inn i framtida med dette bygget. Sjølve portalen frå kyrkjetorget inn til kyrkjeromet skal vere bogeforma og dekorert i bronse eller anna metall, og det er tenkt å stanse ut bibelske tekstar i bogeveggen, seier prosjektleiaren.
Også ljoset har vore viktig med tanke på å lage konseptskissa. Det gjer noko med korleis ein opplever romet ein er i.
Måten ljoset blir teke inn på er ein viktig del av opplevinga av kyrkjeromet som sakralt, skriv Snøhetta og Svalastog i dokumentasjonen for konseptskissa.
Stort bruksområde
Tanken om at fjellkyrkja skal vere ein kontrast til landskapet har nok også spela ei rolle for utkastet. Med tanke på romopplevingar så gjev kyrkjetorget ein fantastisk utsikt. Samstundes blir kyrkjeromet nokså lukka med berre ljoset ovanfrå som visuell kontakt med verda utanfor. Overnattingsbygget er tenkt integrert i terrenget, fortel Rune Lia.
Han er også imponert over at eit verdskjent arkitektfirma som Snøhetta var interessert i å vere med på eit prosjekt i Vest-Telemark og Rauland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bare tanken på det gjer meg fascinert, og no får me sjå kva som kjem ut av dette forstudiet. Bygget blir så uendeleg meir enn berre eit kyrkjebygg. Det blir eit landemerke som mange ynskjer å sjå. Og bruksmåtane blir mange i og med at ein til dømes kan leige ut overnattingsstader utan å ta i bruk kyrkjeromet og omvendt. I løpet av sommaren blir det avgjort om prosjektet skal arbeidast vidare med, smiler Lia.