Ole Espeland (t.v.), Veronica Skifjeld, Sondre Taraldlien Hopland og Rina Veum i Fyresdal ungdomsråd syntest det verka useriøst når ein ikkje fekk svar frå Samferdselsdepartementet om kvar saka står om teoriprøve på lokale offentlege kontor.
Ole Espeland (t.v.), Veronica Skifjeld, Sondre Taraldlien Hopland og Rina Veum i Fyresdal ungdomsråd syntest det verka useriøst når ein ikkje fekk svar frå Samferdselsdepartementet om kvar saka står om teoriprøve på lokale offentlege kontor.

Eit år med etterlysingar

Det siste året i Fyresdal har politiet blitt etterlyst når det har kome melding om fyllekøyring. Ungdomsrådet etterlyste svar frå eit departement om teoriprøve, og ordføraren etterlyste regjeringsvilje til å oppretthalde fangeleiren.

På nyåret kom historia om Wenche Skjønhaug (70) som var for gamal til å jobbe i heimkommunen. Derfor tok ho bussen frå Nøtterøy til Fyresdal annankvar veke for å jobbe på omsorgssenteret der.

– Ho kom som sendt frå himmelen. For oss er alder bare eit tal, sa leiinga ved senteret nøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Veum syter skiskyttararenaen for ung idrettsglede. Ei helg i februar stilte nesten 100 deltakarar i både sprint og fellesstart i arrangementet til Fyresdal skiskyttarlag.

Andre unge som markerer seg i bygda er ungdomsrådet. Dei føreslo i 2011 at ein burde kunne ta teoriprøva til førarkort på lokale offentlege kontor. Samferdselsdepartementet heldt ikkje lovnaden om eit raskt svar på utspelet. Sist februar svara ungdomane med at dei hadde mista tilliten til departementet.

Etterlyste politiet

Trusselsituasjonen gjorde at uniformert politi skal bere våpen. Bygdepolitiet i Fyresdal har ikkje våpengodkjenning, og i lange tider kunne dei derfor ikkje gå uniformert, køyre synleg politibil eller utføre politikontrollar. Politiet kom elles i søkjeljoset i sommar, då dei ikkje kom ved melding om fyllekøyring i bygda. Ordføraren reagerte kraftig og etterlyste grundige kontrollar årleg.

I 1961 blei det etablert bilverkstad på Momrak nesten ei mil sør for Fyresdal sentrum. Arbeidarane kunne gå inn i 2015 på ein heilt annan måte i mykje større lokale på Molandsmoen. Investeringa kosta rundt seks millionar kroner. Siste doningen som blei lakka på gamleverkstaden var bilen til tidlegare USA-president John F. Kennedy.

I mars vedtok Fyresdal kommunestyre konkrete forpliktande tiltak for å betre arbeidsmiljøet. Det skjedde etter at rådmann Ketil O. Kiland hadde fått kritikk for leiarstilen. Kontrollutvalet støtta varslarar i kommunen om at rådmannen hadde opptredd utilbørleg og brote arbeidsmiljølova.

Mistar mange arbeidsplassar

Etter at Bjørn Veum Seljevold overtok Roan camping frå mor si, investerte han millionar av kroner i bygda. Han kjøpte både det nedlagte butikkbygget i Hauggrend for å gjere det om til utleigerom, og nabobygget Hallvards verkstad, og planlegg å opne Roan-kroa att der.

I Fyresdal er det optimisme i landbruket. For fem år sidan var talet på vinterfôra sauer i kommunen under 900. No nærmar det seg 1500. Blant dei som satsar er Anne Ingunn Hanserud og Hans Kristian Jørgensen på Songedalstveiten, ein gard som har vore utan busetjing sidan tidleg på 1970-talet.

I mai kom det fram at justiskomiteen ynskjer å leggje ned fangeleiren i Kleivgrend. Ordførar Erik Skjervagen stod på det han kunne for å hindre nedlegginga, men semja om statsbudsjettet før jol viste at kampen var tapt. Også IKM maskinering med 15 arbeidsplassar i Fyresdal blir lagt ned, kom det melding om i haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

I slutten av juli tok eit viltkamera bilde av ein ulv ved eit jorde i Hauggrend. Seinare blei det skote ein hannulv i Kleivgrend, og tatt foto av ein annan ulv sør for Veum. I starten av desember gjekk ei ulvetispe forbi Austre Nape.

I haust tok ein grunneigar i Fyresdal seks personar på fersken for å ha jakta fugl ulovleg. Også andre har oppdaga ulovleg jakt i kommunen.

180 flyktningar

Bare partia Sp og Ap stilte lister ved kommunestyrevalet. Det skulle vise seg at Ap for andre perioden på rad sikra reint fleirtal, etter denne gongen å ha fått 60,9 prosent av røystene.

Gode økonomiske tider i Fyresdal kommune er over. I haust kutta kommunestyret fleire stillingar og vedtok innsparingar på 3,5 millionar kroner. Snart blir det avgjort om Fyresdal skal innføre eigedomsskatt på hus, hytter og næringseigedomar. Det som alt er klart er at kommuneadministrasjonen flytter til nytt bygg i næringshagen i løpet av neste år.

Telemarkrøye kom i haust godt i gang med å slakte røyer frå oppdrettsanlegget i Fyresvatn, der det er 40 tonn fisk klar for å bli mat.

Plutseleg fekk formannskapet før jol melding om at eigar av Foldsæ har sagt ja til asylmottak med opptil 180 flyktningar i vesle Hauggrend. Dei fleste i kommunestyret stilte seg bak ein protest til Udi på ei slik etablering. Svar på protesten ligg ikkje føre ved utgangen av dette året.