Eit bakverk av millionar
Kommunestyret i Kviteseid kom i land med budsjettet. Underskotet på 8,4 millionar kroner blir dekt av mellom anna stillingsreduksjonar og reduserte avdrag på lån.
Kommunestyret i Kviteseid stod framfor eit langt møte torsdag kveld. Politikarane måtte finne 8,4 millionar kroner for å få budsjettet i balanse.
Ei eiga økonomigruppe, som i hovudsak er sett saman av formannskapet, har jobba på spreng dei siste månadane. Til kommunestyret la dei fram ei liste over innsparingstiltak og reduksjonar av tenestetilbod.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med dei innsparingar som økonomigruppa la fram 2. desember kunne budsjettet lande på 158.850 kroner i pluss for 2004.
8,1 stillingar skal bort
Økonomisjef Inge Martin Bakkebø informerte representantane om dei ulike postane i budsjettet før dei tok til med handsaminga.
Representantane vedtok at foreldrebetalinga i barnehagane blir auka med 427.000 kroner i 2004, og at barnehagane utvidar stengetida frå to til tri veker i juli.
Kommunestyret vedtok også at det skal fjernas 5,7 årsverk frå kommunen, i tillegg til 2,4 årsverk frå prosjekt innan KOS, Lundenjordet og utetenesta. Bjørg Kyrkjebø Ståland (Ap) kom med framlegg om å auke innsparinga innan prosjektet for KOS, Lundenjordet og utetenesta frå 720.000 til 1.000.000 kroner, men dei ander partia ynskja ikkje å gå inn for dette framlegget.
Det vil bli lagt fram framlegg til kva stillingar som skal bort på fyrste møte på nyåret, uttala konstituert rådmann Kåre Hafskjold.
Vernar om kulturen
Formannskapet ville fjerne 100.000 kroner frå tilskot til kultur. Dette var ikkje kommunerepresentantane einige i. Gunnar Ruud (H), Jon Ingebretsen (V) og Bjørg Kyrkjebø Ståland kom alle med framlegg om ikkje å fjerne midlane til kultur, men dekkje dei av overskotet. Dette framlegget vart samrøystes vedteke.
Auka avgifter
Frå nyttår blir avgiftene på vatn og kloakk auka med 10 prosent. Her kom Bjørg Kyrkjebø Ståland (Ap) med framlegg om ein auke på 7 prosent, men fekk ikkje dei andre partia med seg. 10 prosent auke utgjer 500.000 kroner.
Ein av dei andre innsparingspostane på budsjettet var lån. Kviteseid kommune har i dag 15 ulike lån, som utgjer ei gjeld på 90 millionar kroner. Her er det ulike tider for når låna er innfridde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me har lån som er ferdig betala i 2014, 2018 og 2020. Sidan avdraga blir rekna som utgift i eit kommunebudsjett, kan me rekne ut korleis me ynskjer å betale dei. Me har lov til å utvide lånetida til 2032, seier økonomisjef Inge Martin Bakkebø.
Kviteseid har betala 5 millionar kroner i avdrag i år, men vil redusere avdraga til 3,1 millionar kroner neste år. Det sparar kommunen 1,9 millionar kroner på.
40 millionar kroner av lånet er bundne på høg rente, medan dei resterande 50 millionar kronene av lånet har låg rente.
Det er sjølvsagt ikkje heldig med høg rente, men dette var noko kommunen vart råda til for nokre år tilbake, slik at renta ikkje skulle stige endå høgare. Desse lånesummane med høg rente er bundne fram til 2005, -06 og -07, fortel økonomisjefen.
Styrke politisk leiing
Eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for å lage ein post på 100.000 kroner i budsjettet for styrking av politisk leiinga.
Desse midlane er ikkje gjeve til noko spesielt, og det har ikkje kome nokon framlegg på kva dei skal gå til, meiner formannskapssekretær Berit Lundeberg.
Det vart nemnt på kommunestyremøtet at denne posten skulle bli bruka til styrking av ordførarløn, slik at det blir lik løn for ordførar og rådmann.