Odd Stensrud (t.v.) frå Siljan og drangedølen Olav Løyte er knytt til Vestheia beitelag. Laurdag leia dei an enorme mengder sau som kom ned til Fardal frå det årlege fjellbeitet.

Eit hav av sauer

Aldri før i Vestheia beitelag si lange historie har det blitt sendt så mange sauer på heia som i år. Laurdag kom 2 000 av dei ned til Fardal i Fyresdal, til glede for mange tilskodarar.

Publisert Sist oppdatert

Det er midt på dagen i Fardal sist laurdag. Åttifem år gamle Kjetil Snarteland sit klar og ventar på at tusenvis av sauer skal kome i samla flokk til innhegninga. I 1954 var Snarteland med og starta Vestkanten beitelag, og året etter var han blant dei som sleppte eigne sauer i det 65 000 dekar store heiområdet. I årevis var det rundt 1 500 sauer i heia i det inngjerda området der også vatn og vassdrag stoppar dyra.

– Eg var med og sanka sauer i over 50 år i beitelaget. Ordninga med beitelag har fungert veldig bra, det har vore lite tap, men auka litt i seinare tid, seier Snarteland.

I alle år beitelaget har eksistert har han fått med seg det faste haustinnslaget der enormt med sauer kjem samla ned til Fardal.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS