Dalingen Kristian Dalen ser veldig lite, men gjer det likevel skarpt som grafisk designer i Oslo.
Dalingen Kristian Dalen ser veldig lite, men gjer det likevel skarpt som grafisk designer i Oslo.

Eit levande paradoks

Dårleg syn – visuelt yrke.

Kristian Dalen frå Tokke er eit levande prov på at ein kan få til akkurat det ein vil, om ein berre vil det nok. 25-åringen er eit stort talent innan grafisk design, og har fast jobb som grafikar i eit stort selskap. Det er det ikkje alle grafiske designarar som kan skilte med om dagen. Bransjen blei hardt ramma under finanskrisa, og mange måtte gå.

Men Kristian klarte seg. Han har berre vore arbeidsledig i to veker sidan han starta karrieren sin, og det trass i at han ser svært lite. Kristian har nemleg grøn stær.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje noko hinder

– Det er litt vanskeleg å forklare kva eg ser og ikkje, men på det eine auget ser eg berre gjennom ei veldig smal stripe. På det andre ser eg ikkje noko særleg i det heile. Med det gode auget ser eg datamaskina i hjørnet der, men når eg ser på nasen din, ser eg ikkje munnen. Forstår du?, spør Kristian, tydeleg vant med å få spørsmålet.

Han fortel om forsøk lærarar har gjort på å få klassekameratane til å setje seg inn i korleis han har det. Ein gong skulle alle gå med papirmasker med eit ørlite hol som skulle representere synet til Kristian.

– Det blei litt feil, sidan dei som ikkje fann det vesle holet ikkje såg nokon ting i det heile, ler Kristian.

Då Kristian var seks år gammal, blei han operert. Då hadde stæren fått herje ei stund alt, og tilstanden er sannsynlegvis medfødd.

– Det manglande synet har eigentleg ikkje stoppa meg frå å gjere det eg har hatt lyst til. Men det er klart – nokre ting kan eg ikkje gjere, som å spele basket. Eg manglar dybdesyn, og då blir det litt vanskeleg. Dessutan snublar eg veldig mykje, og leggane mine ber preg av å ha vore borti ein del, smiler han.

– Perfekt jobb

Kristian er ein blid kar. Det er tydeleg at han er nøgd med vala han har gjort i livet, og særleg val av yrkesveg er han tilfreds med. Kanskje meiner nokon at han har blitt grafikar mot alle odds, men det meiner ikkje Kristian sjølv.

– Eg har alltid vore interessert i teikning og grafiske uttrykk. Synet er ikkje noko problem i yrket mitt, for det vesle eg ser, ser eg klart. Men eg ser nok på ein annan måte, sidan synsfeltet mitt er så ekstremt lite, seier han.

Kristian var ferdig med ei triårig utdanning i grafisk design på Westerdals School of Communication i 2008. I snart eitt år har han jobba for Amfi Kreativ, som er ein del av den store kjøpesenterkjeden til Olav Thon. Amfi Kreativ si oppgåve er å utforme utrykket til dei ulike kjøpesentra og kampanjar dei har.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her får eg endeleg vere kreativ igjen. Den førre jobben eg hadde gjekk stort sett ut på å fylgje ei oppskrift, som til dømes for Coca Cola. Dei veit korleis dei skal ha det. Den jobben eg har no er derimot heilt perfekt, og me har så og seie frie taumar i alt me gjer, seier Kristian oppglødd.

– Kva seier kundane når dei treffer ein svaksynt grafisk designer?

– No er ikkje akkurat dèt det fyrste eg fortel dei, ler Kristian.

– Eg trur ikkje det er så mange som merkar noko til det, eigentleg. Korkje kundar eller kollegaer. Hovudpoenget er vel at det ikkje er noko hinder i jobben min, meiner han.

Teoretisk mogleg å kome heim

Kristian kan ikkje køyre bil, og difor er det praktisk for han å bu i Oslo, som har eit større kollektivtilbod enn kva Vest-Telemark kan skilte med. Men han er oppteken av at det er fullt mogleg å ha ein jobb som hans, sjølv om ein bur i distrikta.

– Hovudkontoret vårt ligg i Surnadal. Det er ikkje mykje større enn Dalen. Dermed ser ein at det er mogleg å få til noko ute i distrikta, om ein berre er villig til å tenke nytt og satse. Internett gjer mykje mogleg, seier han.

– Så kanskje ei ny avdeling av Amfi Kreativ snart opnar på Dalen?

Kristian ler litt før han svarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Teknisk sett hadde det vel kunne gått. Eg hadde ein flott oppvekst på Dalen, og likar meg svært godt der. Men eg trur ikkje sambuaren min frå Tjøme er så lysten på å flytte dit, flirer han.

Stor-Oslo er nok det mest praktiske av omsyn til jobb, og særleg med tanke på kollektivtilbodet. Men Kristian kunne nok ha trivst kvar det måtte vere.

– Eg er kjempeheldig som har funne noko eg elskar å drive med. Eg har nok av vener som gruar seg til å gå på jobb kvar dag. Det er jo litt ironisk at eg som ser så lite har fått draumejobben innan visuell kommunikasjon og grafisk design, men dermed blir vel moralen at ein må prøve å gjere det ein har lyst til, same kva føresetnader ein har, smiler Kristian avslutningsvis.