Før tyskarane blanda seg inn var det liv og røre på gardstunet i Ambjønndalen.
Før tyskarane blanda seg inn var det liv og røre på gardstunet i Ambjønndalen.

Eit skodespel i meisterklassa

Med sterke personlegdomar, skarpe replikkar og stemningsfulle lyd- og ljossettingar skapte aktørane bak «Bondeopprøret» ei imponerande framsyning på Su-Århus i Hjartdal fredagskvelden.

I vekslande spel mellom ironi, sarkasme, moral, filosofi og blodig alvor vart dei to stappfulle publikumsscenene på Su-Århus i Hjartdal, på ein særs levande måte, fortalt eitt av noregshistorias mørkaste kapittel. Med eit knippe dyktige utøvarar, profesjonelle så vel som amatørar, klarte dei meir enn 50 aktørane å rive dei 400 publikumarane med seg frå start til slutt, i nesten tri timar.

Imponerande skodespelarprestasjonar av mellom andre Nils Sletta i rollen som veidemannen Grutte og Olav Hanto som Olav Håkinsson, må nemnast i dette. Gjennom levande mimikk og fengande replikkar medverka dei til å framstille eit truverdig scenario av den grufulle hendinga av i Ambjønndalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bondeopprøret

«Bondeopprøret» baserer seg på historia om slaget i Hjartdal i 1540, og er alt anna enn det nasjonalromantiske, rosemåla og bunadskladde Telemark som blømde frå 1700-talet og framover. «Bondeopprøret» er fritt gjendikta, men tek utgangspunkt i den historiske hendinga i 1540, då bøndene vart rundlura, rana, dømde og avretta i Ambjønndalen i Hjartdal.

Dagens moderne samfunn med golfspelande turistar dannar ramma i forteljinga, der Nils Sletta i rolla som Grutte, drøymer seg attende og på denne måten gjenskapar historia.

Storbonden Svein har gifta seg på ny då bryllupsfesten hans brått vert avbroten av tyske bergmenn og ein protestantisk prest som meiner telemarksbøndene dyrkar avgudstru gjennom rituala sine og trua på Heilag Olav. Innblandinga frå dei tyske bergmennene aukar gradvis, og til slutt samlast bønder og slåsskjemper frå heile øvre Telemark og eggjast til strid for å verne om landet sitt og gudstrua si.

Danskane er røynde soldatar, og etter at storbonden Svein må bøte med livet, er telemarkingane viljuge til å inngå eit forlik. Det dei trur er ein avtale om å slutte fred, syner seg å vere lureri. Når telemarkingane står att våpen- og forsvarslause grip danskane inn, og dømer fleire av telemarkingane til døden med halshogging. Fem bondeleiarar må bøte med livet, med ein sjette som bøddel.

Humor

Oppe i alt det blodige alvoret får også lattermusklane stått si prøve i «Bondeopprøret». Spelet er spekka med humoristiske og lattervekkjande kommentarar og replikkar som verkeleg fekk opp temperaturen i det kalde seinsommarværet.

«Bondeopprøret» er eit lærerikt, historisk spel til ettertanke med særs gode skodespelarprestasjonar og effektar.

Tor Arne Ursin frå Grenland friteater har vore manusforfattar og regissør, med Nicolai Riise og Dag Haddal som produsentar for spelet.

Fullsette tribunar og totalt 1200 personar såg skodespelet dei tri framsyningsdagane. Spelet er eit samarbeid mellom Seljord og Hjartdal kommunar og Grenland friteater.