Lærarane Helge Asle Lundeberg (t.v.) og Knut Urbø, er saman med elevane ved elektrolina på Vest-Telemark vidaregåande skule glade for at lina held fram.
Lærarane Helge Asle Lundeberg (t.v.) og Knut Urbø, er saman med elevane ved elektrolina på Vest-Telemark vidaregåande skule glade for at lina held fram.

Eit spørsmål om lærlingplassar

Fylkestinget vedtok å halde fram med elektroline ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen. Utfordringa blir å skaffe nok lærlingplassar.

Det blei klart tidlegare i haust at det var raudgrønt fleirtal på fylkestinget for å bevare elektrolina ved Vest-Telemark vidaregåande skule. Lina blei til etter ynske frå det lokale næringslivet. Både Statkraft og Vest-Telemark kraftlag har etterspurt utdanningstilbodet, slik at dei får høve til å tilsetje folk med lokal tilknyting og dermed får meir stabil arbeidskraft.

Skogmo mistar

Konsekvensen av at skulen på Dalen får behalde elektrolina, blei at to klasser i same faget ved Skogmo vidaregåande skule i Skien blir lagt ned med verknad frå hausten 2013. Det lika dei tillitsvalde ved elektrolina ved Skogmo vgs. dårleg, og 3. desember sendte dei klagebrev til Jørund A. Ruud, leiar for utvalet for kompetanse, fylkesordførar Terje Riis-Johansen, fylkesvaraordførar Christian Tynning Bjørnø og fylkesopplæringssjef Bjørn Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I brevet gjev dei uttrykk for at vedtaket som blei fatta i er ubegripeleg med tanke på sosialisering og skulegang for elevane. Dei peikar mellom anna på at elevane må flytte vekk frå familie, vener og eventuelle partnarar. Vidare skriv dei at dei som vel å bu på Dalen vil ende opp med å miste sosiale krinsar, og få lukka sosiale krinsar på Dalen. Det kan ifylgje brevskrivarane gå utover elevane på Dalen, og dei som blir att i dei større krinsane.

– Splitta opposisjon

I slutten av brevet står det at det fleire gonger har blitt prøva å flytte dei større utdanningane ut i dei mindre distrikta, og at det aldri har lykkast. Søkartalet har gått ned, og det same har nivået, skriv dei tillitsvalde i brevet.

– Det var sjølvsagt diskusjonar i hovudutvalet for kompetanse, og opposisjonen, Frp og Høgre, var splitta i synet på å fjerne elektrolina frå Skogmo til fordel for Dalen. Det var Frp som var mest hardnakka i forsøket på å behalde utdanningstilbodet i Grenland, seier medlem i utvalet, Hallgeir Ofte (Ap) frå Seljord.

For tidleg

Han meiner det var skremmande at diskusjonen om lina på Dalen kom alt etter nokre få månader.

– Skulen på Dalen må då få sjansen til å vise at det verkeleg er behov for lina. I tillegg er det ikkje minst opp til det lokale næringslivet å synleggjere behovet. Det er trass alt dei som har meldt om eit skrikande behov for folk med slik utdanning og lokal tilknyting. No vil det vise seg i praksis om det er liv laga for elektrolina på Dalen, seier Ofte.

– Og det er provoserande at dei snakkar om skulemiljøet og kva fylgjer det får for elevane i Grenland om tilbodet blir borte. Kva med oss i Vest-Telemark då, skal ikkje elevane her bli vurderte på lik line, undrar han.

Forskjellige behov

Ofte meiner også at sjølv om bransjen i Grenland seier at det blir utdanna for mange innan elektrofaget, gjeld ikkje det i Vest-Telemark.

– Statkraft og Vest-Telemark kraftlag, for å nemne nokre, har gjeve klart uttrykk for at dei treng arbeidsfolk med lokal tilknyting som har utdanning innan elektrofaga. Det blir spennande å sjå kor mange som søker lina på Dalen, men alt tyder på at det blir ei full klasse neste år også. Skulen forpliktar seg også til å tilsetje ein lærar med rette utdanninga og pedagogiske bakgrunnen. Sjølv om eg ikkje er i tvil om at dagens lærekrefter frå bransjen lokalt gjer ein bra jobb, er det visse krav som ifylgje loven må oppfyllast, forklarer Ofte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Få lærlingplassar

Gunnar Steen Larsen er dagleg leiar for Opplæringskontoret for elektrofag i Telemark. Han er overraska over kor sterkt distriktspolitikken står i Telemark.

– Eg fekk meg ei overrasking då eg blei kjent med det store engasjementet i denne saka. Men det handlar om kjensler så slik sett kan eg forstå det, seier han.

I 2010 blei det gjort kartleggingsarbeid i øvre delar av Telemark med tanke på eit samla skuletilbod som omfatta Vest- og Aust-Telemark, og då skulane på Rjukan og Dalen.

– Dei same politikarane ynskte å leggje ned elektrolina på Rjukan i 2010, men me klarte å redde lina då. Eg meiner også elektromiljøet på Rjukan er større enn i Tokke, og derfor er eg overraska over at politikarane plutseleg ser annleis på det no. I samband med skuleplanen 2020, har me gjennomført kartleggingar som viser at det vil vere aktuelt med 72 lærlingar i Grenland og Vestmar, medan 28 lærlingar kan få plass i resten av fylket. Det er mange tunge bedrifter med mange tilsette i Grenland som krev sitt, forklarer Steen Larsen.

– Mot betre vitande

Han er skeptisk til at skulen på Dalen greier å skaffe lærlingplassar til elevane, og gjev uttrykk for at bransjen og politikarane ikkje har greie på dette.

– Eg møter elevar som med bedande augo ser på meg og undrar kvifor dei ikkje får lærlingplassar. Det likar eg frykteleg dårleg, og når ordføraren i Vinje og direktøren på Statkraft uttalar seg slik dei gjer, har dei ikkje greie på det. Dei snakkar utan betre vitande. Eg har eit bakteppe som seier at grunnlaget for ei slik line på Dalen er syltynt. Når det er sagt vil eg gratulere og ynskje Vest-Telemark vidaregåande skule lykke til. Skulle dei mot alle odds lykkast, blir eg glad, men eg må seie at eg er skeptisk, avsluttar Steen Larsen.