Ånund Lid Byggland (framme t.v.), Runar Skaug Mathisen, Jostein Vinjerui, Svein Halvor Dahl, (bak t.v.), Kari Vikhagen Geitnes, Stian Christoffersen, Silje Øyre Slind, Andrew Young, Mikael Gunnulfsen, Even Kristoffersen, Henrik Dønnestad, Ella Gjømle Berg og Mari Eide utgjer saman med Devon Kershaw og Kristin Størmer Steira (båe fråverande då biletet blei teke) Team Telemark for sesongen 2016/2017.
Ånund Lid Byggland (framme t.v.), Runar Skaug Mathisen, Jostein Vinjerui, Svein Halvor Dahl, (bak t.v.), Kari Vikhagen Geitnes, Stian Christoffersen, Silje Øyre Slind, Andrew Young, Mikael Gunnulfsen, Even Kristoffersen, Henrik Dønnestad, Ella Gjømle Berg og Mari Eide utgjer saman med Devon Kershaw og Kristin Størmer Steira (båe fråverande då biletet blei teke) Team Telemark for sesongen 2016/2017.

Eit sterkt og spennande langrennsteam

På historisk grunn på Vemork blei tysdag ein imponerande gjeng langrennsløparar presenterte for media og publikum. Ein god miks av erfarne og svoltne løparar skal setje Telemark på kartet komande sesong.

I alt tolv utøvarar er med i det nystarta Team Telemark. Forutan initiativtakar og hovudtrenar Jostein H. Vinjerui, opphavleg frå Rauland, utgjer Vinjes Runar Skaug Mathisen og Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo innslaga frå Vest-Telemark. Frå Telemark elles er desse løparane med på teamet: Svein Halvor Dahl, Bø, Mikael Gunnulfsen, Grenland, Even Kristoffersen, Kragerø og Henrik Dønnestad frå Grenland.

Frå nabofylket Vestfold har Stian Christoffersen takka ja. Det same har skotten Andrew Young og kanadiaren Devon Kershaw gjort. Dei to sistnemnde har sterke plasseringar i verdscupen og på internasjonalt nivå, og Kershaw har også VM-gull frå lagsprinten i Oslo i 2011.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor spennvidde

På jentesida har Silje Øyre Slind, Oppdal, Kari Vikhagen Geitnes, Molde, og Mari Eide frå Beitostølen takka ja til tilbodet frå Team Telemark. På trenar- og styringssida skal forutan nemnde Jostein Vinjerui også Kristin Størmer Steira og Telemarks tidlegare storløpar Ella Gjømle Berg vere med.

– Me føler me har samla ein veldig bra gjeng, og det er mange solide løparar som har takka ja. Me har alt frå erfarne løparar med VM-medaljar til fyrsteårsseniorar med ambisjonar og vilje til å gjere det bra. Spennvidda på løparane er stor, og dei er ulike samstundes som dei er like med tanke på at alle vil gå fort på ski, smiler Jostein Vinjerui.

Vekte sovande draum

Tanken om eit eige team i Telemark, og i Vest-Telemark for den del, har vore ein sovande tanke hjå mange dei siste 10–15 åra. I vinter tok Vinjerui grep og vekte tanken til live.

Team Telemark inkludert Ella Gjømle Berg.
Team Telemark inkludert Ella Gjømle Berg.
– Eg vil nå toppen, seier langrennsløpar i Team Telemark Runar Skaug Mathisen og peikar mot Gaustatoppen.
– Eg vil nå toppen, seier langrennsløpar i Team Telemark Runar Skaug Mathisen og peikar mot Gaustatoppen.
Devon Kershaw
Devon Kershaw

– Som trenar for Team Synnfjell hadde eg fleire telemarkingar på laget. Slik sett veit eg at me har gode skiløparar frå fylket. Dermed blei tanken på å skape eit eige lag med Telemarks-identitet skapt, forklarer Vinjerui.

Skjedde fort

I Lunde sat ein kar med same tankane om å skape eit eige langrennslag for Telemark. I dag er Hans Kristian Lahus dagleg leiar i det nystarta teamet.

– Me møtte einannan i påska, og Hans Kristian har eit stort nettverk. Det var då den endelege avgjerda om å skape Team Telemark blei teken, fortel Vinjerui.

– Korleis klarte de å få tak i så gode utøvarar i løpet av den korte tida?

– Det er på sin plass å rose næringslivet og andre aktørar som har vore fantastisk ivrige saman med oss. Me visste sjølvsagt at det blant jentene var mange av dei nest beste i landet som ikkje hadde noko tilbod. Når me også klarte å knytte til oss Kristin Størmer Steira, var vegen kort for Devon Kershaw, som er gift med nettopp Steira. Han var på jakt etter eit team, og sjølv om han hadde tilbod frå fleire lag valde han altså oss, seier Vinjerui fornøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fornøgde med opplegget

Mikael Gunnulfsen må seiast å vere fjorårets store komet i langrenn. Telemarkingen hadde også andre tilbod, men bestemte seg altså for Team Telemark.

– Jostein var trenaren min i fjor, og heile det skisserte opplegget blei for fristande for meg, seier Gunnulfsen.

Silje Øyre Slind er ei av tre systrer frå Oppdal som går fort på ski. Ho har som mål å bli best i familien.

– Tilbodet frå Team Telemark er veldig bra. Nivået på løparane er høgt, og eg føler meg viss på at alle har noko å bidra med. Me kan heilt sikkert lære mykje av kvarandre. I tillegg til å bli best i familien har eg ambisjonar om å gå verdscuprenn og prestere bra der. Elles var det vel på tide å bruke litt tid i Telemark, smiler den sympatiske jenta.

Samlingar i Telemark

Vinjerui fortel at laget vil ha alle treningssamlingane i Telemark. Berre høgdetrening og trening på snø om sommaren vil skje andre stader.

– Gaustatoppen er diverre ikkje høg nok til at me får høgdeeffekten, og ikkje er det oppkøyrde spor der heller, smiler han.

– Elles er planen å invitere aktuelle junior- og seniorløparar i regionen til å vere med på samlingane. Me har også planar om å bruke tid ute i klubbane, legg han til.

Dyktig trenar

Runar Skaug Mathisen frå Vinje, som sist sesong tok ein sterk 23. plass i NM, hadde også Vinjerui som trenar sist sesong. Det gjorde valet enkelt då han fekk tilbod om ein plass i laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er tre hovudårsaker til at eg takk ja. For det fyrste jobba eg med Jostein i fjor, og det fungerte særs bra. Eg kjenner meg heilt trygg på at opplegget blir veldig bra. For det andre så består laget av mange svært gode utøvarar. Spennet er stort, men eg føler at miksen av internasjonal erfaring, ungt pågangsmot og at det er jenter på laget vil gjere oss alle til betre langrennsløparar. Den tredje årsaka er at Team Telemark er noko heilt nytt, og det er alltid moro å vere ein del av nye ting som skjer. Elles har Team Telemark noko med identitet å gjere for meg som er vesttele, forklarer Mathisen.

– Moro å få tillit

Sjukdom og skader har gjort sitt til at Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo ikkje har hatt langrennsforma inne dei siste par sesongane. No er han derimot klar att, og ser fram til å starte med blanke ark i det nystarta laget.

– No startar eg på null. Dei siste par sesongane føler eg at eg har starta på minus 50, biletgjer han.

– Eg er berre så takksam for at eg får denne sjansen, og eg føler meg klar til å kjempe om gode plasseringar i skisporet att. Det er eigentleg heilt rått at så mange gode løparar er med på laget. Det er moro å få denne tilliten, smiler Lid Byggland.

Trenaren er godt fornøgd med at Ånund har lyst til å satse, og han har god tru på at høysekken vil gå fort i sporet att.

– Me har mange solide løparar på laget, og eg er glad for at Ånund også ville vere med. Me veit at han kan gå fort på ski, og eg håpar han får vist det til vinteren. I tida framover blir det i tillegg til mykje trening også viktig med lagbygging. Det blir spennande månadar framover, avsluttar Jostein Vinjerui.