Nokre av dei rundt 40 personane som kom på næringslivsmøtet for å drøfte etablering av eit felles lag i kommunen.
Nokre av dei rundt 40 personane som kom på næringslivsmøtet for å drøfte etablering av eit felles lag i kommunen.

Eit stort steg nærare felles lag

Etter eit godt besøkt næringslivsmøte i Nissedal kommune ser det ut som at verksemdene samlar seg i eit felles lag.

Frå fleire hald har det i årevis blitt etterlyst eit felles næringslivslag i Nissedal kommune, utan at saka har løyst seg. Situasjonen i dag er to mindre lag. Det eine er Tveitsund Handelsstand med bare tri verksemder involvert.

Vidare har Nissedal reiselivslag rundt 20 medlemer. Leiar i dette laget, Bjarne Reime, har for ei tid tilbake spela inn til kommunen eit ynskje om heller å få eit felles næringslivslag i kommunen. Reime har vidare lagt vekt på at det nye laget og kommunen må ha eit tett samarbeid, og der sistnemnde har sekretærfunksjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ei lengre pause utan samlingar var kommunen på sporet att med dialogmøte med næringslivet måndagskvelden på Mila i Treungen. Ordførar Anne-Nora Oma Dahle og rådmann Sverre Sæter kunne nøgde konstatere at rundt 40 personar møtte. Dei fleste av desse representerte nokon av dei 120 næringsregistrerte verksemdene i kommunen.

Jobbe tett saman

Rådmannen utfordra forsamlinga på korleis ein kan foreine kreftene i verksemdene.

– Det må vere grunnlag for eit felles næringslivslag. De må gjere det utøvande næringsarbeidet, medan kommunen kan vere med og leggje til rette for det. Kommunen har sett av ein 50 prosent stillingsressurs til næringsarbeid. Korleis skal me bruke denne ressursen? Eg meiner me må konsentrere den kommunale innsatsen inn mot næringslivet som eksisterer, innleia rådmann for å få i gang debatten.

Bjarne Reime påpeika at ein må kome tilbake til den tida då det var god kontakt mellom næringslivet og kommunen. Hege Homme Aarak sa seg samd og meinte ein er avhengig av at næringslivet og kommunen jobbar tett saman. Rådmannen svara med at då er utfordringa for næringslivet å sameine seg.

Frå fleire hald blei det påpeika at det er på tide å få etablert eit felles næringslivslag. Det vil fleire partar tene på, også kommunen.

– Eit slikt lag som de etterlyser er heilt avhengig av eldsjeler, presiserte formannskapspolitikar Frank E. Lien.

Somme verksemdsrepresentantar ynskte at også politikarar skulle vere med i laget, medan andre meinte det ikkje er rett. Fleire såg det som fordel at ein kommunetilsett med næringsansvar blir med i laget og har sekretærjobben.

Flest mogleg

– Eg blir gjerne med i eit nytt lag, sa Torgeir Aarak frå Tveitsund Handelsstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var ivrig på å kome fort i gang med etableringa av felleslaget, og føreslo at handelsstandstyret og reiselivslagsstyret kom saman og jobba med å finne ein måte å gå vidare på.

– Det er eit utruleg positivt signal at kommunen vil stille sekretær, sa Aarak.

Vidare fekk Aarak fleire med seg på å få tilbake den kommunale hytteavisa med diverse informasjon som mange hyttefolk sette pris på å ha.

Øystein Tveit kjem frå ei anna verksemd i handelsstanden. Han oppmoda folk til å stille opp i eit felles næringslivslag, då det er viktig å ha med flest mogleg.

Rådmannen konstaterte at det er stor vilje til å prøve å stable eit felles næringslivslag på beina, og skal snart kalle inn til nytt møte om saka.

Behalde ressurs

Møtet gjorde at Bjarne Reime har fått meir tru på at det kjem eit felles lag i kommunen, og då blir reiselivslaget lagt ned.

– Eg håpar folk meiner det dei sa om at eit næringslivslag er interessant, seier Reime til VTB.

Kommunen har ei utfordring på nakken ved at ein truleg må skjere budsjettet med opptil 1,5 millionar kroner i år. Spørsmålet er om den vakante ressursen til næringsarbeid blir råka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var eit godt møte med mange gode innspel. Blir det eit næringslag skal me gjere det me kan for å ha 50 prosenten som næringsmedarbeidar, seier ordførar Oma Dahle til VTB.

– Eg trur eg har treft rett med at kommunen bidreg med ein person som kan jobbe offensivt saman med næringslivet. Eg er godt nøgd med dette møtet som har gjeve meg litt slik «drive», seier rådmann Sæter til lokalavisa.