Eit tak for framtida i bygda
Eigentleg er det me gjer ei kommunal oppgåve. Men me gjer det med glede for unganes skuld og framtida i bygda, seier foreldre i Lårdal. Dei er i hektisk aktivitet med dugnad i barnehagen, og håpar innslaget er med og reddar eit tilbod som får den endelege domen i kommunestyret seinare i haust.
Sist laurdag var det stor aktivitet utanfor barnehagelokalet og grendehuset i Lårdal. Foreldre ville gjere eit skikkeleg dugnadsarbeid for å vise at dei bryr seg om barnehagen. På same tid er innsatsen eit ledd for at barnehagen ikkje skal bli lagt ned under haustens budsjetthandsaming i Tokke.
Eigentleg er det me gjer i dag ei kommunal oppgåve. Men me gjer det med glede for unganes skuld og framtida i bygda. Dessutan gjev det ei trivelegare ramme rundt grendehuset, seier Janne Juvet og Heidi Bleikelia, leiar og nestleiar i foreldrerådet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Endeleg dom i haust
Dugnaden gjekk ut på å byggje ein halvannan meter høg lastebil i tre, byggje trommelen om til apebur, få vekk skøytebanen og bruke stokkane til hinderløype, boltre saman dekk til å klatre i, skifte ut altfor gammal leikesand, beise leikestoga, rydde kvist og lage kosekrok innandørs.
Sjølvsagt er dugnaden også med tanke på å få oppretthalde barnehagen, vedkjenner Juvet og Bleikelia.
I juni sa kommunestyret i Tokke nei til vidare drift av barnehagen frå neste haust. Grunnen var opplysningar om eit svært lågt barnetal. Foreldrerådet i Lårdal opererte med eit langt høgare barnetal og undra seg over at kommunen bruka gamle tal då vedtaket blei fatta. Barnehagen får den endelege domen når det nye kommunestyret seinare i haust vedtek neste års budsjett.
Bed om fred
Me reknar med å få behalde barnehagen etter haustens budsjetthandsaming. Fleire politiske parti har sagt under valkampen at dei ikkje vil leggje ned tilbodet om barnetalet vårt stemmer. Og det gjer det! Neste haust blir barnetalet over minstegrensa på seks, påstår Juvet og Bleikelia.
Dei fortel vidare at barnetalet ser lovande ut dei fyrste åra.
Det har flytta ein del unge til bygda. Barnehagen betyr mykje for dei. Me må ikkje bruke krefter på å kjempe for barnehagen år etter år, men heller bruke dei på andre ting til gode for bygda. Kan me ikkje få litt fred frå trugsmål om at barnehagen skal forsvinne, bed Juvet og Bleikelia mellom spadetaka for å fornye sandkassa.