Eit underskot som vil svi
Førebelse rekneskapstal for 2015 viser eit negativt netto driftsresultat på ti millionar kroner for Tokke kommune. No må dei ta tøffe grep for å få kontroll på økonomien.
Rådmann Brit Houge informerte kommunestyret om den økonomiske stoda på tysdagens møte. Ho presiserte at rekneskapstala ikkje var endelege, men at hovudlinene var tydelege og klare.
Sviktande kraftinntekter
– Kommunen får eit rekneskapsmessig underskot på om lag 6,5 millionar kroner. Det vil seie at me har eit meirforbruk på 6,5 millionar i høve til budsjettet og etter fondsavsetjing og fondsbruk, sa Houge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho slo fast at svikt i kraftinntektene i 2015 var sterkt medverkande. Salet av konsesjonskraft gjekk ned med 5,5 millionar og ein reduksjon på eigedomsskatten på om lag 1 million kroner utgjer 6,5 millionar i inntektssvikt på kraft.
Stort meirforbruk
– Sviktande inntekter, stort premieavvik på pensjonar og overforbruk på driftsbudsjettet gjer at me ikkje kan avsetje budsjetterte midlar til disposisjonsfondet. Me må heller nytte store delar av fondsmidla for å få eit nullresultat, sa rådmannen.
Meirforbruket fordelar seg på 3,4 millionar kroner innan helse- og omsorg, 2,1 millionar på teknisk, og 900 000 kroner i sentraladministrasjonen. Til saman utgjer dette 6,4 millionar kroner.
– Forklaringane er høgare lønsutgifter, store kostnadar til pensjon, delvis ikkje utførte sparetiltak, feilbudsjettering og for dårleg budsjettkontroll, forklarte Houge.
Ho peika på at det i 2015 er rekneskapsført pensjonsutgifter på 8,1 millionar.
– Men alt dette og meir til, 8,7 millionar, får me tilbake i 2016. Det gjer at rekneskapen då vil sjå mykje betre ut, sa ho.
Men med bakgrunn i pensjonsutgiftene i 2015 vil kommunen få eit negativt driftsresultat på 10 millionar kroner.
– Sjølv om me får attende 8,7 millionar har me like fullt eit alvorleg negativt driftsresultat. Det kan me ikkje akseptere og me må snu denne situasjonen, varsla Houge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilrår store grep
Rådmannen sa at leiargruppa er i gang med å gå gjennom alle tiltak og årsakar, og at dei med bakgrunn i dette vil kome med innspel til budsjettprosessen utover våren.
– Eg vil tilrå større grep, sa ho.
Ordførar Jarand Felland (Sp) kom med framlegg om at budsjettarbeidet framover skal gjerast etter ein mal med 1,5 prosent i positivt driftsresultat, og at det også inneber ein reduksjon på dagens tenestenivå og i talet på årsverk i kommunen.
Heit opposisjonsleiar
Opposisjonsleiar Hilde Alice Vågslid (Ap) blei ganske heit av framlegget frå Felland.
– No måtte eg telje til både ti og tjue. Saka var oppe i formannskapet, men me blei ikkje førespegla at ordføraren ville kome med dette framlegget i dag. Både KrF og me i Ap ville hatt framlegget slik at me kunne ha diskutert dette. Dette er høgst kritikkverdig av ordføraren. Elles er det slett ikkje uventa at me må ta nye grep. Eg gler meg til å sjå kva som kjem ut av prosessen, sa Vågslid.
Ordføraren beklaga på det sterkaste.
– Eg legg meg heilt flat, og eg skjønar at de gjerne ville ha drøfta saka, sa han.
– Me vil ikkje stø ordførarens framlegg. Me kan ikkje gå for dette så lenge me fekk saka kasta i fanget no, sa Kjell Magne Grave (Ap).
Artikkelen held fram under annonsen.
Likefullt fekk framlegget frå ordføraren fleirtal, med Senterpartiets 11 røyster mot Ap og KrF sine 10 røyster. Vedtaket betyr altså at talet på årsverk i kommunen skal ned, og at tenestenivået blir redusert.