Eit verktøy som gjev tyngde til E 134

Leiar

Om statens kvern mel i den farten me er førespegla, kan me denne hausten vente ei utgreiing om hovudveg(ar) mellom Austlandet og Vestlandet. Samferdselsminister Ketil Solvik Olsen (Frp) har tidlegare i år sagt at når Vegvesenet kjem med utgreiinga si om dei ulike alternativa, vil han vurdere eitt eller to alternativ som hovudveg.

Sjølvsagt må statsråden sjå det totale bildet. Men som rogalending burde me kunna vente at han har eit relativt nært forhold til Haukelivegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når også statsråden hans, telemarkingen Bård Hoksrud (Frp), uttalar seg svært lovande om E 134, burde me vera optimistar i «striden» med Rv 7 Hallingdal–Hardangervidda, Rv 52 Hemsedalsfjellet, og E 16 Filefjell.

Desse konkurrentane har nok lege eit hestehovud eller to framom oss til no. I vinter kom det til dømes ein rapport frå analyseselskapet Oslo Economics som konkluderte med at Fv 52 over Hemsedalsfjellet ar den beste vegen mellom Oslo og Bergen.

Men ikkje den kortaste. Og ikkje den raskaste. Og ikkje den med mest trafikk. Det har me her peika på fleire gonger.

«Det gjeld å presse aktivt på for E 134, om me skal «vinne» tevlinga om stamvegen. Me har det beste utgangspunktet, vegen sjølv, som både er raskast, sikrast, og har størst trafikk. Men har me talsmenn som når fram med bodskapen?» spurde me i denne spalta i april.

No har Haukelivegen AS skaffa eit godt verktøy; ein rapport utarbeidd av Analyse & Strategi, eit selskap under Multiconsult. Rapporten seier at E 134 har potensial til å bli den kortaste vegen mellom Oslo og Bergen. Og framfor alt vil utbygging av vegen vera samfunnsøkonomisk lønsam.

Børge Skårdal i Haukelivegen AS ser rapporten som viktig for å underbyggje argumentasjonen for E 134 som hovudvegen aust–vest. Han opplyser at Vegvesenets eigne metodar er lagt til grunn for utrekningane. Det skulle bety ein realistisk rapport.

I ein kronikk i «Vegen og vi», Vegvesenets eiga avis, skreiv Dag Bjørnland, professor i sosialøkonomi, i mai i år at E 134 ville gje samfunnsøkonomisk nytte. Han skreiv rett nok om den såkalla «Ekspressvegen». Men over Haukelifjell og fjella vestover er det snakk om same trasé – og ønske om lang tunell.

Me håpar inderleg me no har eit verktøy som vil gje tyngde til dei frå før gode argumenta for E 134. Og ikkje minst at E 134 får meir åtgaum. Det fortener forkjemparane, det fortener trafikantane – og det fortener regionane aust og vest for fjella.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegvesenets eigne metodar er lagt til grunn for utrekningane. Det skulle bety ein realistisk rapport.