Ekspolitimeister samla kommunestyret
Eit samrøystes kommunestyre i Tokke gjekk inn for å halde fast på ordninga med lokale lensmannskontor i kvar kommune. Ikkje alle var heilt overtydde, men det var før ekspolitimeister Geir Sønstebø heldt innlegget sitt.
Tidlegare har kommunestyret i Tokke hatt samlokaliseringa av lensmannskontora i Vest-Telemark som informasjonssak. Den gongen var ikkje alle politikarane overtydde om at det mest effektive var å behalde lokalt lensmannskontor. Særleg var representantane frå Arbeidarpartiet usikre. Etter at seniorrådgjevar i Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon (KS), Geir Sønstebø, var ferdig med innlegget i tysdagens møte, var uvissa borte.
Lokal forankring
Det er heilt sentralt for norsk politi å vere forankra lokalt. Det er heilt avgjerande i høve til responstid. Lokalkunnskapen politiet får ved å vere etablert på staden er heilt avgjerande med tanke på førebyggande arbeid. Og det er liten tvil om at god førebygging reduserar kriminalitet i ettertid, opna Sønstebø med.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han viste til at Landstinget i KS i 2008 gjekk inn for å vere ein pådrivar for å styrke samarbeidet mellom kommunane og politiet for å skape trygge lokalsamfunn.
Politimeisterens framlegg til vaktteneste er å ha to patruljar ute på vegane i Aust-, Vest- og Midt-Telemark til kvar tid. Det vil seie fire tenestefolk, og for å få dette til trengst det då minimum 36 årsverk. Ut ifrå tidlegare erfaringar med ein del kursverksemd og sjukmeldingar, ser eg store utfordringar i å få det til. Og det er snakk om store avstandar her, heldt Sønstebø fram.
Store avstandar
I 2008 bestemte Justisdepartementet at to politidistrikt skulle vere med på eit prøveprosjekt som gjekk ut på samanslåing. Hordaland politidistrikt var det eine, og der blei alle lensmannskontora utan eitt oppretthalde. Administrasjonen blei derimot slege saman.
Det andre distriktet var Follo, som blei todelt. Men det er viktig å ha i bakhovudet at det er snakk om heilt andre avstandar enn i Vest-Telemark, sa Sønstebø.
Han peika på at det var opp til kommunane å avgjere om dei ynskte å behalde lokale lensmannskontor. I alle fall slik sentrale styresmakter vurderar situasjonen per i dag.
Slik stoda er no må ei eventuell endring av kommunens avgjerd gjerast ved kongeleg resolusjon i statsråd, eller det må ei lovendring til. Så langt har ikkje regjeringa ynskt å handsame slike saker utan lokal semje. Då er det snakk om semje internt i politiet og i kommunane. Og det har heller ikkje kome signal om endring i denne praksisen, forklarte Sønstebø.
Politikarane bestemmer
Han la til at KS sitt standpunkt er at det er opp til politikarane å styre korleis det enkelte lokalsamfunn skal sjå ut.
No er det opp til dykk politikarar i Tokke å gjere det de meiner er til innbyggaranes beste, avslutta Geir Sønstebø.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg trur ikkje kommunane i Vest-Telemark blir samde i denne saka. For Arbeidarpartiet er tryggleiken det aller viktigaste, og me vil slutte oss til rådmannens tilråding, kommenterte Kjell Magne Grave.
Han kommenterte også politimeisterens utspel om at reservetenesta i Vest-Telemark blei avvikla i august 2010.
Samtlege parti var av same oppfatning, og det var eit samrøystes kommunestyre som fylgde rådmannen i saka.
Vedtaket blei slik:
1. Tokke kommune meiner det er viktig å halde fast på ordninga med lokale lensmannskontor i kvar kommune, og med førebyggjande arbeid, etterforsking av brotsverk med lokal årsakssamanheng og lokal beredskap og nærvær som viktige arbeidsoppgåver og funksjonar.
2. Tokke kommune er skeptisk til at ei eventuell ordning med politipatruljar på hjul døgnet rundt vil innebere betre beredskap for vår region samanlikna med gjeldande ordning med reserveteneste i kombinasjon med aktiv teneste i særskild høve.