Ekteparet Kari Gro og Kristian Espeland ynskjer begge å bli ny rådmann i Seljord (Arkivfoto)
Ekteparet Kari Gro og Kristian Espeland ynskjer begge å bli ny rådmann i Seljord (Arkivfoto)

Ektepar kjempar om same jobben

Ei kvinne og ni menn har søkt på stillinga som rådmann i Seljord kommune.

Totalt kom tolv søknadar inn til stillinga som rådmann i Seljord kommune, men to av søkjarane har trekt seg.

Av søkjarane finn me tre vesttelar. Blant dei er ekteparet Espeland: Kari Gro (60) og Kristian (60), busette i Seljord kommune. Kari Gro er kommunalsjef for helse og omsorg i Seljord, men var fram til nyttår konstituert rådmann i to år då Per Dehli fekk permisjon til å arbeide med kommunereforma hos Fylkesmannen i Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

 Kristian Espeland sit som fast representant i kommunestyret for KrF.

– Me er begge interesserte i Seljord si framtid. Det er litt artig. Eg søkte rådmannstillinga i Tokke òg, og kom veldig høgt opp der. Så då prøvar eg att no. Eg har det som trengst for å kunne gjera ein god jobb. No er det politikarane som bestemmer. Det blir spennande, seier Kristian, som er utdanna revisor og økonom, og som blei ferdig med ein master på BI i 2013. Han har også vore politikar på toppnivå i mange år.

– Seljord er ein veldig spennande kommune. Mange utfordringar å ta fatt i, seier han og nyttar høvet til å kyte av kona.

– Kari Gro stiller òg veldig sterkt. Det bli spennande å sjå om me blir innkalla til intervju. Personleg synest eg at det er viktig med lokalt forankra rådmenn i kommunane. Ein rådmann som tek konsekvensane av å bu ein stad, ikkje ein som pakkar kofferten og køyrer ut av kommunen når arbeidsdagen er over, seier han.

På søkjarlista finn me også nissedølen Tore Baksaas (45). Han seier til VTB at dette er ein spennande jobb.

– Eg trivst godt der eg er, men har ambisjonar om litt meir. Derfor har eg søkt, seier Baksaas som i dag er einingsleiar for helse og habilitering i Nissedal kommune.   

På søkjarlista finn me elles Torbjørn Dybdahl (58), eigar og leiar, Nesoddtangen, Thomas H. Gundersen (39), skulesjef/oberstløyntnant, Stavern, Anders Michelsen (46), lektor entreprenørskarp/innovasjon/organisasjonsutvikling, Ski, Lars-Erik Moxness (63), juridisk rådgjevar, Tydal, Sven Magnus Skimmeland (25), marknads- og kommunikasjonssjef, Ålgård, Kjetil Skjeie (53) rådmann, Lødingen og Robbie Tempesta (32), leiande sjukepleiar, Skien.

Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan opplyser til VTB at kommunestyret vil tilsetje ny rådmann 18. mai, og at administrasjonsutvalet vil ha si innstilling klar 10. mai.