Sundag fekk Else Ibrekk diakoniprisen for 2010.
Sundag fekk Else Ibrekk diakoniprisen for 2010.

Eldsjel fekk diakoniprisen

Snart 80 år gamle Else Ibrekk blei sundag tildelt diakoniprisen for 2010. Prisen fekk ho for mange år med friviljug arbeid blant eldre menneske.

– Eg blei så overraska då Eilev Erikstein ringte og sa eg skulle få prisen. Då måtte eg spørje mannen min, Olav, om eg fortente prisen og sjølvsagt var han nøydd til å svare ja, smilte Else etter overrekkinga.

Styreleiar i prostidiakonatet Oscar Garnes stod for utdelinga, og han starta det heile med å avsløre oppskrifta på jolekaka som Else ofte bakar og har med seg på besøksteneste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor innsats

– Else Ibrekk er ei eldsjel for praktisk diakoniarbeid. Ho har lagt ned ein stor friviljug innsats gjennom mange år med besøksteneste, baking og deltaking og organisering av diakonisamlingar, sa Garnes i grunngjevinga si.

Saman med Else er også Hanne Roholdt som sjåfør og kompanjong.

– Diakoni er noko som skapast i fellesskap. Else tek med heimebakst og så reiser dei på besøk til eldre menneskje som bur aleine i Vrådal. Dei besøker også vrådølar som bur på Kveiteseid omsorgssenter og Midtsundtoppen aldersbustader i Kviteseid, heldt Garnes fram.

– Else er nabokona som verkeleg bryr seg, la prostidiakon Eilev Erikstein til.

– Diakoniprisen for 2010 går til ei som står for grunnlaget i diakonien; besøksteneste og omsorg i kvardagen. Det er ting som gjer samfunnet vårt varmare og tryggare, avslutta Garnes.

Biskopen stod for overrekkinga

Prisen er ei pengegåve og ein innramma diplom med motiv av ein engel frå Vinje kyrkje.

Det var ei tydeleg rørt kvinne som mottok prisen. Biskop Olav Skjevesland stod for overrekkinga.

– Eg har vore aktiv i alle dei 26 åra som har gått sidan me flytta til Vrådal. Me budde før det 30 år i Trøndelag, men eg har røtene mine frå Skafså, smiler Else.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er det som er drivkrafta di?

– Eg er nøydd til å ha noko å gjere, kan ikkje sitje roleg kan du skjøne. Mannen min meiner eg bør ta det meir roleg, men det er lettare sagt enn gjort, meiner Else.

Mange historier

Gjennom besøkstenesta har ho fått mange vener, og ho meiner også ho har lært mykje av dei ho har besøkt gjennom åra.

– Ofte synest dei me besøker det er moro å fortelje frå gamle dagar, og det er veldig interessant å høyre på når dei fortel, seier Else.

– Kva betyr denne prisen for deg?

– Det var heilt uventa at eg skulle få han, men eg må innrømme at det er moro å bli sett pris på, svarar ho.

Skikkeleg radarpar

Ho brukar å ta med seg både kaffi og kake når ho og Hanne er ute på besøksteneste. Det er lettare slik, trur Else.

– Då slepp dei å styre med å bake og koke. Dermed trur eg også det er enklare for dei å få oss besøk. Me prøvar å vere ute ein og to dagar i veka, og me er som regel innom dei einskilde ein gong kvar månad. Når me reiser får me klar beskjed om å vere så snille å koma attende snart. Hanne og eg har blitt eit skikkeleg radarpar, ler Else.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så no skal du kvile på laurbæra?

– Nei, det skal eg i alle fall ikkje. Eg kjem til å halde på så lenge eg orkar. Det er klart det er tidkrevjande og det tek krefter, men eg har så uendeleg mykje att for det, smiler ho.

– Else er så grei og god. Ho har ein unik måte å vere tilstades på med ei ro og eit nærver i situasjonane. Ho er seg sjølv og har alltid noko godt å kome med, rosar Eilev.