Elevar i småskulen laga kafé
Foreldre, besteforeldre, sysken, onklar og tanter strøymde til då småskulen i Kviteseid bad inn til noko så kuriøst som novemberkafé ein fredag i februar.
Novemberkaféen har blitt ein tradisjon ved småskulen i Kviteseid. Den kom opphavleg i stand for å få avsetnad på tytebæra som elevane plukkar rett etter skulestart om hausten. Slik har det vore i fleire år no, og overskotet frå salet har gått til ulike tiltak for barn i andre delar av verda som har det vanskeleg.
Tytebærtur
Årets tytebærtur kom i stand som planlagt. Alle elevane nista seg ut til ein heil dag i skogen. I forkant av turen hadde nokre tytebærdetektivar vore ute og sjekka stoda på tuvene, at dei ikkje var ribba. Det visa seg å bli ein svært så vellykka skulebærtur i Vrådals-skogane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det bugna av bær. Det var så mykje bær at det var heilt villt, fortel lærar Anne Ragnhild Midtbøen.
Elevane i fjerdeklasse fekk ansvaret for å laga syltetøy. Og resultatet vart heile åtti glas, som blei sirleg pynta for sal til meir og mindre bemidla slektningar. Nei då, bæra var slett ikkje mygla, sjølv om utsalet blei utsett nokre månadar. Det hadde seg nemleg slik at i november var det stort sjukdomsfråfall ved skulen. Den mykje omtalte pandemien tok tak både i elevar og lærarar. I somme klasser var det enkelte dagar berre tri og fire elevar på skulen, fortel læraren. At mange lærarar også blei sjuke, førte til at klassar måtte slåast saman. I dette svinepestkaoset var det bare ein ting å gjera med den tilstunda novemberkaféen: Utseta arrangementet til friskare tider.
Heimelaga
Sist fredag var tida inne. Ei bestemor på veg inn i lokalet på småskulen, kunne fortelje at ho hadde møtt opp på novemberkafé mange gonger, til alle sine barnebarn. Like koseleg kvar gong. Etter at ungane hadde framført fire songar, til akkompagnement av lærarane Tordis Foldøy på piano og Arild Bentsen på gitar, var det klart for å sleppe handelen laus. Fyrsteklassingane hadde laga puslespel, som lærar Arild hadde skore ut, og som elevane måla i dei vakraste fargar og mønster. Andre- og tredjeklassingane baud fram sjølvdekorerte fyrstikkøskjer for sal, medan fjerdeklassingane hadde laga teljosestakar i gips, i tillegg til at dei hadde stått for den omtalte syltetøyproduksjonen. Alle varene hadde rett pris, slik det heiter i finansverda no om dagen. I dette tilfellet tyder det at elevane sjølve hadde diskutert prisfastsetjinga og kome fram til kva dei einskilde vareslaga skulle koste. Til dømes var prisen på ein stykk vaffel med syltetøy sett til femten kroner. Men så kunne ein også velje å få han servert med heimerørt blåbærsyltetøy på. Av blåbær som blei sanka på den før nemnde tytebærturen.
På skogstur er alltid mykje å lære, blant anna om planta med det latinske namnet vaccinium uliginosum, som det veks nok av i Vrådal. Og skal me tru læraren, veit godt som alle elevane no skilnaden på blåbær og skinntryter, som er det norske namnet på planta.
Oppsummert gav dei tri timane intensivt sal vel åtte tusen kroner i kassa. Etter framlegg frå elevane sjølve, skal pengane gå til barn på jordskjelvråka Haiti.