Den blide Øyfjelljenta Elin Rorge skaut imponerande godt i Landsskyttarstemnet tysdag.
Den blide Øyfjelljenta Elin Rorge skaut imponerande godt i Landsskyttarstemnet tysdag.

Elin skaut glimrande

Elin Rorge er best når det gjeld. Øyfjell-jenta imponerte stort då ho klinte til med 242 poeng på baneskytinga på Landskyttarstemnet tysdag. Det kan halde til ein plass på prinsesselaget.

– Eg fryktar eg får eit poeng eller to for lite til å koma med på prinsesselaget. Det spørst kor god utteljing femteklassingane som skyt i morgon får. Eg har reist til Vestfold og kjem til å halde meg oppdatert om utviklinga i Evje. Ventetida vil bli både lang og ikkje minst spanande, sa Elin då den flotte sigeren var eit faktum.

Gratulantane var mange då ho slo til med den høge poengsummen. Audun Trovatn, som er leiar i Vest-Telemark skyttarsamlag, var mektig imponert over det den unge sambygdingen presterte. Han gjev laget sin fremste skyttar gode skussmål, og ser ein storskyttar i 22-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elin er heilt klart eit naturtalent. Ho skyt godt med lite trening i kroppen. Med større treningsdosar vil ho vere kapabel til å stabilisere seg på høgare poengsummar. Jenta har mykje erfaring til å vere så ung, sidan ho har konkurrert i seniorklassa i fire år, seier Trovatn, som er nøgd med vesttelanes innsats i Landsskyttarstemnet (LSS) så langt.

Jørund Lien som har skote mange finalar i det som er skyttarsporten sin noregsmeisterskap, skaut 30 på felten og er finaleklar. Treungenskyttaren har òg fått grønt ljos for samlagsskytinga. Trovatn håpar at Vest-Telemark skal bite godt frå seg både i senior- og veteranklassa.

Var spent og nervøs.

Elin Rorge følte ikkje noko forventningspress før baneskytinga, men ho merka at kroppen var meir uroleg enn den brukar vere. Spenningsnivået var høgare enn i lokale stemne. Studenten har grunn til å vere nøgd med at ho kontrollerte spenningsnivået og var best då det gjaldt.

Resultata fekk fram smila og jubelen i Øyfjell-leiren. Elin legg ikkje skjul på at ho er stolt over skyttarlaget sitt. Ho trekkjer fram det gode miljøet som ein viktig årsak til at ho fatta interesse for skytting og har blitt ein del av den store skyttarfamilien. Landsskyttarstemnet er kvart år det store målet på skyttarfronten.

Hadde nivået inne

– Kva tenkjer du om at det kanskje blir mogleg for deg å skyte om prinsessetittelen?

– Det vil å så fall vere frykteleg kjekt. Eg tør ikkje ta noko på forskot. I dag kjende eg som sagt presset og eg var litt redd for å sprekke. Men eg har skote 242 på fleire treningar i det siste. Slik sett hadde eg på ein måte nivået inne. 246 er det beste eg har oppnådd i eit stemne. I Landsskyttarstemnet er det alltid vanskeleg å koma seg opp på 240-talet, seier Elin.

Det lokale stjerneskotet synest det er vanskeleg å svare på om ho er ein betre skyttar no enn i tidlegare LSS-arrangement. Ho har meir erfaring og tener på det.

Då VTB gjekk i trykken onsdag ettermiddag var det framleis ikkje klart om Elin klarte å kapre ein plass blant dei beste.