Else blei årets pensjonist
Else Rykkelid (83) frå Skafså er årets pensjonist i Tokke kommune. Fredag fekk ho overrekt heidersutmerkinga på samfunnshuset på Åmdals Verk.
Eg får takke skikkeleg. Dette var verkeleg moro og uventa, sa Else Rykkelid etter at applausen hadde lagt seg på samfunnshuset.
Den årlege prisen går til ein person som har utmerkt seg anten med omsut for medmenneske, glede og underhaldning i bygda eller andre ting som gjer dei til merkesteinar i kommunen. Pensjonistlaga i kommunen sender inn forslag til kandidatar før eldrerådet tek den endelege avgjerda om kven som fortener tittelen «Årets pensjonist» i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Aktiv politikar
Else Rykkelid er utdanna sjukepleiar, og i si heiderstale til prisvinnaren kom leiaren i eldrerådet, Astri Holter, inn på dei fyrste arbeidsåra då Else hadde ei timebetaling på tri kroner. Holter kom også inn på fleire historier frå arbeidslivet som vitna om ganske så andre tider enn i dag. Rykkelid byrja på statens Helsesøsterskole i Oslo i ein alder av 49 år. Åra før jobba ho på Storåsli aldersheim saman med mannen Halvor.
Ho har også vore ein aktiv politikar med to periodar i kommunestyret. Else brenn for vilkåra til dei eldre både i grendelag, helselag og støttelag, sa prisutdelaren, som også trekte fram at Rykkelid tok initiativet til det som no har blitt ein svært populær badeplass i Mo.
Triveleg kveld
Prisutdelinga avslutta den årlege eldrekvelden i Tokke. Arrangementet går på rundgang mellom dei fire pensjonistlaga i kommunen; Dalen, Mo og Byrte, Lårdal og Åmdals Verk. I år var det Åmdals Verk sin tur til å invitere pensjonistane i kommunen på haustfest.
Det er vel kring 100 menneske her i kveld, seier Violet Henriksen som er leiar i pensjonistlaget på Verket.
Det er sjeldan me har høve til å kome saman, derfor er slike kveldar trivelege, meiner Astri Holter.
Ho opna kvelden i samfunnshuset med å fortelje om kva eldrerådet har gjort det siste året. Deretter blei det underhaldning frå Rallargruppa, noko som dei frammøtte tydeleg sette pris på.