Endeleg klart for utkikkstårn
Telemark utviklingsfond løyver 900.000 kroner til utkikkstårnet på Bjørgeøyan i Seljord. Dermed er spydspissen til 2,5 millionar kroner i stadutviklingsprosjektet Seljord og sogene fullfinansiert. Tårnet skal stå ferdig innan oktober.
Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen og prosjektleiar for Seljord og sogene, Harriet Slaaen, brukar det same ordet når dei skal kommentere den siste brikka i det økonomiske puslespelet for å få realisert spydspissen i staduviklingsprosjektet utkikkstårnet på Bjørgeøyan:
Fantastisk!
Artikkelen held fram under annonsen.
Med 900.000 kroner frå Telemark utviklingsfond er utkikkstårnet fullfinansiert med 2,5 millionar kroner. Ordførar og prosjektleiar fekk den gledelege meldinga tysdag.
Det var meir enn me torde håpe på, og me må berre få takke Telemark utviklingsfond som gav oss full pott. Me byrja å få dårleg tid med prosjektet. No er eg berre kjempeglad, seier Solveig Sundbø Abrahamsen, som har stor tru på at tårnet skal bli eit unikt stoppepunkt i Telemark.
Det har vore ein omfattande prosess for å kome i mål. Endeleg, seier Slaaen, og legg til at vedtaket skulle feirast med champagne.
Klart i oktober
Byggjestart er tenkt i august, men må bli tilrettelagt i høve til fuglelivet i området. Tårnet skal stå klart innan 1. oktober. Det er Skorve entreprenør som er byggmeister på tårnet som er teikna av arkitektane Dagur Eggertsson og Sami Rintala.
Dette blir ein attraksjon for heile Telemark, meiner Slaaen om det 16,5 meter høge tårnet i fem etasjar.
Alle har drege lasset saman, legg ho til.
Sentrale aktørar er landskapsarkitekt Tone Telnes, Feste AS og kulturprodusent og -utviklar Gunn Marit Christenson, Springer kulturstudio, og sjølvsagt arkitektane Eggertsson og Rintala. Med på spleiselaget er Telemark utviklingsfond, Seljord kommune, Telemark fylkeskommune, Kommunal- og regionaldepartementet, Koro (Kunst i offentleg rom) og næringslivet i Seljord.
Og så skal grunneigar Leiv Bjørge ha stor ros, poengterer Slaaen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Terje Bakka, dagleg leiar i Telemark utviklingsfond, seier det var ei lett avgjerd å støtte prosjektet i Seljord.
Dette er eit fenomenalt prosjekt, og me trur dette blir eit fyrtårn og eit stoppepunkt i Telemark. Tårnet vil danne grunnlag for turisme og interesse for Seljord, og er noko me trur veldig på, seier Bakka, og legg til at tysdagens vedtak var samrøystes.
Tårnet blir eit blikkfang i bygda, held han fram.
Vedlikehald
Seljord og sogene er inne i sitt siste av fire prosjektår. Ordføraren meiner det har gått over all forventning, og trekkjer fram den positive velviljen dei har møtt over alt.
Dessutan har me hatt ein dyktig prosjektleiar og flinke konsulentar. Alle har dratt i same retning, skryter ordføraren.
Det blir litt vemodig når Seljord og sogene er slutt etter i år, men no må me tenke på vidareføring og ikkje minst vedlikehald, minner ordføraren om.