Energieffektiv omn på prestegard
Eigarane av Mo prestegard har fått bygd ein effektiv og stilig masseomn der ein kan fyre, bake og utnytte vassboren varme.
I utviklinga av Mo prestegard har eigarane valt å satse på ein masseomn. Omnsbyggjar Sten Sjøstrand, opphavleg frå Sverige og busett i Noreg i 15 år, meiner det store fyringsmøbelet av finsk type passer fint inn i bustadhuset frå rundt 1830.
Ved å plassere ein omn i dette huset må ein prøve å bevare ein del av særtrekket på garden. Då er det lagleg med ein masseomn. Han står fint i stil til garden, sjølv om han har eit visst moderne preg over seg, seier Sjøstrand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er ein av fire personar i Noreg som byggjer masseomn, men han lagar også andre typer omnar.
Komplisert
Det går med tri tonn med murstein, eller 1.300 steinar i masseomnen. Muringa skjer med eldfast leire og leiremørtel. Etterpå blir det lagt på tradisjonell kalkpuss, og nokre skiferheller blir sett på plassane sine.
Arbeidet med den kombinerte fyrings- og bakaromnen startar med å mure brennkammeret, og lenger opp kjem steikerommet på 40 gonger 60 cm. Så blir det laga rundt ni meter med eldfaste kanalar. Det er om å gjere å ha så mykje steinmasser som mogleg i omnen, for å utnytte energien fullt ut.
På mange måtar er masseomnen ein komplisert konstruksjon. Eg har med to hjelparar frå England. Dei skal lære faget. Me brukar rundt 120 timar på omnen som vil koste totalt 90.000 kroner, fortel Sjøstrand.
25 meter røyr
Etter å ha fyra med ved, og det ikkje lenger er att eld eller glør, må eit spjell stengast før ein gjer klar til baking mellom dei eldfaste steinane. Der er temperaturen 300 grader. Då kan det passe å steike pizza, før til dømes brøda kjem i neste omgang.
Etter at varmen har gått gjennom bakaromnen går energien vidare i dei lange kanalane. Når ein har varma opp omnen er det god varme i 24 timar, fortel Sjøstrand.
Inne i masseomnen ligg det 25 meter med koparrøyr. Ved hjelp av ei pumpe kan ein dermed utnytte vassboren varme i fleire rom i huset.