Energiske unge kvedarar
Seks engasjerte jenter i alderen fem til åtte år er samla for å lære seg kveding i Rauland.
Det er torsdagskveld i Rauland og seks energiske og snakkesalige kvedejenter tek i mot VTB i øvingslokale på Rauland. Dei er akkurat ferdig med kveldens øving på kulturskulen.
Kva driv dykk med?
Artikkelen held fram under annonsen.
Me syng, men ikkje på engelsk for det kan me ikkje, forklarar Sigrun Kåsa (6).
Korleis er det å kvede?
Det er bra, seier Øyvor Fossli Loddengaard (7).
Super bra. Nei, mega bra, presiserar Åsta Rønning Omholt (7 1/2).
Ufriviljug påmeld
Jentene har til vanleg individuell øving med lærar Hill Romtveit, men torsdag var dei for fyrste gong samla til fellesøving. Nokon har vore med i fleire år, andre er nybyrjarar.
Veit du hått? Eg visste ikkje om at eg skulle byrje på kurset. Det var mamma som melde meg på og eg tenkte: Høtt æ det eg skø nå?, fyrste gong eg kom på kurset, seier Sigrun.
Sjølv om ho kom med noko ufriviljug på kurset, er ho ikkje lei seg for at ho byrja.
Det er veldig lenge til eg skal slutte med kveding, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skal du halde på med det alltid?
Ja.... Nei, eg skal halde på med riding heile livet, fortel Sigrun.
Eg skal kvede i ti år, seier Åsta.
Eg skal halde på i minst tjue år, skyt Øyvor inn.
Skriv tjue år på meg også, korrigerar Åste seg sjølv.
Kveda før skulen
Dei unge og entusiastiske kvedarane er snart veteranar.
Eg byrja å kvede før eg byrja på skulen, seier Åsta. Ho er kvedar på kulturskulen på tredje året.
Men Hill har kveda i hundre år, legg ho til å siktar til kulturskulelæraren Hill Romtveit. Margit (5 1/2), veslesystera til Åsta, er ny i haust, men ho byrjar alt å kome inn i det.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg har lært meg tri songar, seier ho.
Kva er favoritten?
Sulli lulli lite ting, kjem det kjapt.
Gutane gidd ikkje
Til vanleg er dei sju på kurset, men Symre Sørheim (8) kunne ikkje kome denne kvelden. Dei er bare jenter rundt bordet, og dei unge kvedarane trur dei veit kvifor ikkje gutane er med.
Dei gidd ikkje og synest det er flaut og barnsleg. Eigentleg kan dei det ikkje heller, seier Sigrun. Ho har sjølv opplevd situasjonar som har vore pinlege.
Ein gong song eg når eg var ute, og så kom det ein mann og høyrde meg. Då blei eg flau og la på sprang, fortel Sigrun.
Eg hadde ikkje tenkt at ein gut skulle høyre meg. Det hadde ikkje vore så flaut om ei jente hadde høyrt det, legg ho til.
Besøk av kjende kvedarar
Det er fleire elevar på Vinje kulturskule som lærer seg kveding. Aldersspreiinga er stor, frå 5 til 55 år. Hill Romtveit er lærar på skulen. Ho er oppteken av å take mangfaldet i kulturen i Vest-Telemark på alvor.
Me prøvar å gjere elevane kjende med fleire kvedarar. Elevane får viser av meg, men også ark med informasjon om viktige kvedarar me har stoff etter, fortel Romtveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er i alt 17 elevar på kulturskulen i kveding, tri vaksne og fjorten ungar frå heile kommunen. Til torsdagen får dei besøk av Agnes Buen Garnås i Vinjehuset. Før jol skal dei vitje den kvedande Mjonøy-vertinna Ellen Nordstoga og på nyåret er det Sondre Bratland som skal gje elevane impulsar.