Energisjef Aslak Ofte (framme) og energiingeniør Arild Hamre i VTK skal i morgon presentere energiutgreiingar som kan vere eit viktig verktøy for kommunane både ved val av energikjelder og etablering av næringsverksemder.
Energisjef Aslak Ofte (framme) og energiingeniør Arild Hamre i VTK skal i morgon presentere energiutgreiingar som kan vere eit viktig verktøy for kommunane både ved val av energikjelder og etablering av næringsverksemder.

Energitankar for straumsparing og arbeidsplassar

Energiutgreiingar Vest-Telemark Kraftlag (VTK) har gjort, er eit verktøy dei seks kommunane i regionen kan tene godt på. Når det gjeld oppvarming kan kommunane klare seg utan straum ved å bruke bioenergi. Viss bare ti prosent av dagens energibruk i Vest-Telemark går over til bioenergi, vil ein spare 18 millionar kroner årleg i straumutgifter. – Tek kommunane aktivt tak i energiutgreiinga, kan resultata bli nye næringsverksemder og monaleg innsparing i straumutgifter, seier energisjef Aslak Ofte og energiingeniør Arild Hamre i VTK.

På Morgedal hotell i morgon vil Vest-Telemark Kraftlag (VTK) presentere interessante energiutgreiingar som gjeld kvar enkelt kommune i regionen. Utgreiingane kan bli starten på ei større satsing på mellom anna bioenergi, noko som kan redusere straumutgiftene i kommunane med millionar av kroner.

– Viss ein i Vest-Telemark vil ha ein aktiv politikk på energi, er utgreiingane informasjon og verktøy for kommunane. Det blir mellom anna vist til kva energiformer og moglegheiter som finst, og støtteordningar til utbyggingar av større energianlegg. Me føler utgreiingane gjev kommunane høve til å sjå moglegheitene for energisparing, energibruk og satsing. Og materialet kan vere grunnlag for næringsetablering, til dømes ein pelletsfabrikk eller vedfabrikk, seier energisjef Aslak Ofte og energiingeniør Arild Hamre, båe tilsette i VTK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bioenergi så det fossar

Utgreiingane viser kva energikjelder som blir nytta i kommunane. Straum er mest bruka, mellom 70 og 80 prosent av energien kjem frå denne kjelda. Bruken av ved er også merkbar. Gass har auka noko, truleg grunna hyttene.

Ser me nærare på bruken av straum, går om lag 40 prosent til oppvarming, 25 prosent til vassvarming, 11 prosent til lys, 3 prosent til vaskemaskin og 4 prosent til bruk av komfyr.

Ofte og Hamre har ikkje tru på dei store endringane i val av energikjelder i kommunane på mange år. Grunnar til det er at straumen er for rimeleg og at folk er treige til å gjere endringar.

Men det finst synlege moglegheiter til å ta i bruk anna energi. I dag blir det produsert 40 gwh energi ved bruk av bioenergi, mellom anna ved å nytte ved, pellets og flis til oppvarming. Potensialet er langt større i regionen. Energiutgreiingane viser at det er mogleg å skape 350 gwh ved å satse fullt på bionergi. Det er meir enn det totale energiforbruket i dag i heile Vest-Telemark.

18 millionar kroner

– Om det er snakk om oppvarming, kan Vest-Telemark klare seg utan straum ved å bruke bioenergi. Men det er ikkje så rart når me ser rundt oss. Det er nokså store verdiar og ressursar som gror att i Vest-Telemark og som ikkje blir bruka. Bioanlegg kan bli framtidas «sauer» som fører til at kulturlandskapet blir halde oppe ved at lauvtre og anna i jordkantane blir til flis, seier Ofte.

Viss ti prosent av dagens energibruk i Vest-Telemark går over til bioenergi, vil ein spare 18 millionar kroner i straumutgifter.

– Om nokre år kan det vere realistisk at ti prosent av energibruken i regionen kjem frå bioenergi. Tek kommunane aktivt tak i energiutgreiinga og brukar ho internt, kan resultata bli nye næringsverksemder og monaleg innsparing i straumutgifter, avsluttar Ofte og Hamre.

Målet med energiutgreiinga

Lokale nettselskap er pålagde å utarbeide ei energiutgreiing for kvar kommune i sitt konsesjonsområde. Dei lokale utgreiingane er eit informasjonsverkemiddel og ei støtte til avgjerder på energiområdet. Vidare skal dei medverke til å etablere ein møteplass der ein kan diskutere energiløysingar og tileigne seg kunnskap om energiforsyning og lokale energimoglegheiter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet med utgreiinga er å etablere langsiktige, kostnadseffektive og miljøvenlege energiløysingar. Vidare å oppfylle nasjonale mål om omlegging til eit meir berekraftig energisystem:

– Avgrense veksten i energiforbruket.

– Auke fleksibiliteten i energisystemet: Ved mindre bruk og ikkje vere så avhengig av elektrisitet til oppvarming, i større grad basere framtidig energibruk på nye fornybare energikjelder og auke bruken av naturgass.