Enormt med planting i Fyresdal

I fjor blei det plugga 1,1 million skogplanter på hogstflater i Telemark, ein auke på 12 000 planter frå 2016. Vidare blei det sett ut nesten 68 000 suppleringsplanter i 2017.

For kommunane i Vest-Telemark var tala slik fordelt på planting og supplering: Seljord 16 300 planter og 3 010 suppleringsplanter, Kviteseid 49 850 og 3 360, Nissedal 23 350 og 2 050, Fyresdal 110 750 og 4 650, Tokke 66 500 og 1 000, Vinje 26 500 og 0.