Amal Aden har skrive mange bøkar og fekk i 2013 Amnestyprisen for sitt uredde engasjement for å fremje rettane til utsette og ofte usynlege grupper i samfunnet. «Ho rettar fokus mot rettane til kvinner og barn i minoritetsmiljø der ho uredd kritiserer det ho meiner er både utbreidd intoleranse og manglande integreringsvilje», stod det i grunngjevinga.
Amal Aden har skrive mange bøkar og fekk i 2013 Amnestyprisen for sitt uredde engasjement for å fremje rettane til utsette og ofte usynlege grupper i samfunnet. «Ho rettar fokus mot rettane til kvinner og barn i minoritetsmiljø der ho uredd kritiserer det ho meiner er både utbreidd intoleranse og manglande integreringsvilje», stod det i grunngjevinga.

– Er det så bra som de skal ha det til?

Somaliske Amal Aden er ei sterk stemme i den norske innvandringsdebatten. Fredag snakka ho om «det nye Noreg» på Vinjehuset – og spurde om korleis stoda eigentleg er i Vinje.

Diskriminering. Ytringsfridom. Integrering.

Det er ikkje små tema samfunnsdebattant og forfattar Amal Aden tek for seg når ho no er på Folkeakademi-turné. Fredag var ho i Vinje – kommunen som i mange samanhengar har blitt trekt fram som eit flaggskip i integreringssamanheng. I 2008 fekk Vinje Amnestyprisen for mangeårig og vellukka innsats for å integrere flyktningar. Og det er framleis veldig mykje som er bra i Vinje, understreka Aden. Men alt er kanskje ikkje så rosenraudt som det kan verke. Aden bad om at ein lyfter blikket og ser.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor mange er det eigentleg som lykkast i Vinje, og kor mange slit? Eg får høyre båe delar når eg snakkar med folk her. Dei fyrste som kom hit lykkast. Men ein kan ikkje bruke det som døme på at alle gjer det. Mange andre slit nok meir, uttalte Aden.

I spørsmålsrunden etter føredraget utdjupa Eva Versto, pensjonert lærar ved Åmot skule, om kjønnsskilnader ho har observert gjennom mange år.

– Det er forskjell på gutar og jenter – og den er større no enn før. Det verkar ikkje like viktig for alle jentene å ta utdanning, gje noko tilbake til samfunnet og betale skatt. Mange av dei giftar seg og blir heime med ungane, meinte Versto.

Tasniim Ahmed (t.v.) og Asli Mahamed Siad bur i Vinje.
Tasniim Ahmed (t.v.) og Asli Mahamed Siad bur i Vinje.
Desse møtte for å høyre Amal Aden. Kvelden var også ein del av Folkeakademiet sitt integreringsprosjekt «Levande bok».
Desse møtte for å høyre Amal Aden. Kvelden var også ein del av Folkeakademiet sitt integreringsprosjekt «Levande bok».

Dei somaliske kvinnene som var til stades hadde ikkje lyst til å snakke med avisa om saka.

Les også: – Det er ikkje så vanskeleg å fylgje reglane

Eit aukande likestillingsproblem

Aden peika på at mangel på likestilling er eit problem som i aller høgste grad er relevant i heile Noreg.

– Eg føler samfunnet er i revers på grunn av mange nyankomne flyktningar som ikkje har eit forhold til likestilling. Før krigen i Somalia var kvinner og menn mykje meir likestilte enn det som er tilfelle i dag. Det synet som ekstrem islam har når det gjeld likestilling er ikkje greitt. Synet på homofili er heller ikkje greitt. Det er ikkje lov å skulde på kulturen når ein undertrykker andre. Undertrykking er aldri greitt. Eg seier: Du treng ikkje like det – men du må ikkje spytte og kaste ting, sa Aden – som har vore gjennom mykje og fleire gonger blitt truga på livet for meiningane sine og måten ho lever livet sitt på.

– Eg er somalisk, korthåra, lesbisk og muslim. Ein dårleg kombinasjon, har det vist seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokon må ta til motmæle

Aden, som er ein av få muslimar som står ope fram som homofil, var klokkeklar på at nokon må kjempe kampen og gå fyrst.

– Slik fekk kvinner stemmerett i Noreg. Det er slik ein har oppnådd likestilling før. Og ein må aldri akseptere hat-ytringar. Me må ta til motmæle, sa ho, og la til:

– Viss me ikkje tek til motmæle, er det berre dei mest ytterleggåande på kvar side som kjem til orde: Dei høgreekstreme og dei islam-ekstreme. Ein skal vera på vakt mot både dei som blir rekruttert til ekstrem islamisme, og dei som blir rekruttert til gråsona i kommentarfelta – middelaldrande norske nettroll.

– Sjå menneska, ikkje nasjonaliteten

– Kva er det dei største fallgruvene for eit lokalsamfunn som tek imot flyktningar?

– Det viktigaste er å sjå på dei som kjem som menneske. Menneske som har behov for å bli beskytta. Ikkje sjå på dei som syrerar eller somaliarar. Sjå på dei som ressursar. Slutt å sjå hudfargen eller religionen. Sjå dei som menneske som har kome for å bli. Berre å smile og seie hei kan gjera ein forskjell, seier Aden.

Ho kom sjølv som mindreårig flyktning, og hamna i barnevernets hender. Det gjekk ikkje spesielt bra. Fyrst då ho møtte ein bibliotekar som såg ho, fann ho ei meining med tilværet – og med bøkene. Forfattaren Aden har aldri gått på skule.

– Dei mindreårige som kjem hit må me sjå som dei barna dei er. Unge flyktningar blir ståande åleine i skulegarden. Dei har ingen! Ein må lage ei ordning i skulen slik at desse barna får vener frå dag éin. Du treng ikkje snakke norsk for å spele fotball, oppmoda Aden.

Plukke det beste frå to kulturar

Ho slår fast at nykelen til god integrering er tredelt: Språk, jobb og nettverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er positivt å ha to kulturar. Då kan du ta det positive frå båe, og velje vekk det som ikkje er positivt, meiner Aden.

Noko så enkelt som at ein skal møte presis til jobb, avtalar og skulen er viktig for god integrering, peikar ho på.

– Me kan ikkje unnskylde dei med at der dei kjem frå er det kultur for å koma seint. Det er ikkje slik her, og då må ein tilpasse seg det når ein kjem hit. Mohammed må koma like presis som Hans. Og veldig mange er flinke til å tilpasse seg, seier Aden.

Men tilpassing og assimilering er ikkje det same. Det er ikkje alt ein treng å kopiere, meiner føredragshaldaren:

– Du treng ikkje gå på ski. Det er dumskap. Kvifor skal eg gå på ski? Det er for dei interesserte. Det er ikkje mange afrikanarar som likar å vera ute i 20 minusgrader og gjera noko dei ikkje kan. Men det har ikkje noko med integrering å gjera! Akkurat som at mat heller ikkje har noko med det å gjera. Eg likar mat med smak, så eg et ikkje norsk mat. Det handlar ikkje om integrering, men om kva ein likar, sa Aden og la til:

– Men: Eg fylgjer ungane på fotball og handball. Eg deltek på dugnadane. Eg er med på å bygge lokalsamfunnet. Det er integrering.

– Sjå på NRK, sjølv om det er kjedeleg

Aden hadde fleire tips for god integrering – noko ho også har skrive bok om. Eitt av tipsa er å omfamne statskanalen.

– Sjå mykje på NRK1. Det er dritkjedeleg, men du lærer av det. Du lærer ikkje norsk språk og kultur av å berre sjå nyheiter på Al Jazeera. Les barnebøker. Og prøv å snakke med alle, både nordmenn og dei du blir kjent med frå andre land. Test dine eigne grenser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner ein ikkje treng å fjerne seg heilt frå sin eigen kultur for å bli ein del av den norske.

– Men så er det det: Kva er kultur? Og kva når kulturen er undertrykkande? Då er det ikkje greitt. Det er ikkje greitt at i ein syskenflokk der alle har fått kvar sin sykkel, får ikkje jenta lov til å bruke sin. Det er ikkje greitt at ein rektor gjev ein far lov til å ta dottera ut av gymmen. Me må tenkje gjennom kva som er akseptabelt og ikkje. Vaksne folk må få kle seg som dei vil, men barn må ikkje seksualiserast gjennom å måtte bruke hijab for å dekke seg til. Gutar og jenter må ha like moglegheiter til å lykkast, er Adens klare oppmoding.