– Er det viktigaste i denne saka kvar ordførar og rådmann skal sitje?
Fredag var det folkemøte om kommunesamanslåing i Kviteseid.
– Det er ikkje verst med så godt oppmøte når me er i konkurranse med gullrekka, spøkte ordførar Tarjei Gjelstad (Ap). Fredag kveld var salen på Sundvang kulturhus fylt til randen av folk som var nysgjerrige på intensjonsavtala mellom Kviteseid og Seljord.
– Kva er viktigast?
Artikkelen held fram under annonsen.
Halvvegs ute i møtet var det klart for spørsmålsrunde. Ein av dei som reiste seg var ei kvinne frå Ordal.
– Eg veit ikkje om eg har budd lenge nok i Ordal til å kalle meg ordøl, men eg gjer no det. Eg er ikkje redd for å bu i distriktet i ein eventuell samanslått kommune. Det som bekymrar meg er diskusjonen om kvar ting skal ligge. Eg er bekymra for diskusjonane om kven som skal få ordførar og rådmann. Det viktigaste for meg er at me har gode tilbod. Gode barnehagar og skular. Er plassering det viktigaste for dykk? spurde Karin Kvålseth til applaus frå salen.
Varaordførar Tarjei Draugedal frå KrF fekk høve til å svare.
– Kviteseid ville aldri blitt med på denne avtala dersom alt skulle leggast til Seljord. Denne lokaliseringsdebatten er heilt nødvendig og ein del av spelet, sa han.
Gode tenester
I tillegg til ordføraren hadde både representantar frå alle dei seks partia i Kviteseid, rådmann Øystein Tveit og Anne Spånem og Per Dehli frå Fylkesmannen møtt opp for å informere og svare på spørsmål.
– Hovudmålet med kommunereform er å gje meir makt til større kommunar, sa Dehli. Han forklarte grunnleggjande om det regjeringa håpar vil vere resultatet av reforma.
– Det me ser når det gjeld små kommunar er at dei er meir sårbare. Ofte er det berre éin person som styrer forskjellige tenester, og viss den personen er sjuk eller byter jobb blir det problematisk, heldt Dehli fram. Han la til at eit mål var å skape sterke kommunar utanfor Oslo, og at regjeringa ville ta i bruk heile landet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Målet er å sikre gode, likeverdige tenester til alle innbyggjarar.
Etter den innleiande informasjonsrunden fekk ein representant frå kvart parti i Kviteseid tre minuttar på scena til å forklare sin ståstad i saka, med Anne Spånem som ordstyrar.
Ueinige
Dei seks partia har fordelt seg godt utover for/mot-skalaen. Dei som heilt klart er for er Ap og Venstre. Senterpartiet og MDG er mot. KrF er delt. Høgre ønskjer heller eit samarbeid med fleire kommunar, noko både Ap og Venstre seier ville vore hensiktsmessig. Det er imidlertid ikkje eit alternativ i denne omgang.
– Ei samanslåing vil ikkje vere positivt for Kviteseid, sa Anne Birgit Sollid frå Senterpartiet. Ho bruka berre tretti sekundar av sine tre minuttar.
– Føler du det utrygt å ikkje ha eigen ordførar og rådmann her? spurde Spånem.
– Ja. Eg synest det sender eit dårleg signal til heile Kviteseid kommune, svara Sollid.
Hesten reiser til Seljord
Artikkelen held fram under annonsen.
Venstres Olav Kjetil Bang tala Sollid midt imot, og sa at han meinte intensjonsavtala lova godt for Kviteseid. Dette fekk Høgres Halvor Nyland til å riste på hovudet.
– Eg føler me har hatt både hest og kjerre her i Kviteseid, men at med denne avtala stikk hesten til Seljord. Eg spår at kommunalsjefane reiser etter hesten, sa han.
– Jøss, eg visste ikkje at du hadde blitt spåkjering, Halvor, sa Tore Aasland frå Ap, og sa seg einig med Bang.
Representantane runda av møtet med å be alle bruke røysteretten sin 22. og 23. mai.