– Dette er berre framlegg til vegnamn, og det er framleis høve til å kome med innspel, seier Dorthe Huitfeldt ved plankontoret i Vinje kommune.
– Dette er berre framlegg til vegnamn, og det er framleis høve til å kome med innspel, seier Dorthe Huitfeldt ved plankontoret i Vinje kommune.

Er i gang med å gje vegane namn

Politikarane i Vinje kommune har vedteke å gje namn til dei største vegane i kommunen. Sist onsdag var det samla bygdefolk frå Edland og Haukeli for å kome med framlegg til vegnamn i den øvre delen av kommunen.

Vinje kommune har ansvaret for at vegane i Vinje får namn. Dorthe Huitfeldt og Knut Ringhus ved planavdelinga i kommunen har sett i gang prosessen, og dei meiner det er bygdefolket sjølve som skal kome med innspel til namn.

– Det er bygdefolket som sit med lokalkunnskapen, og det er veldig bra at dei brukar namn som er gamle og innarbeidd fordi vegane har sitt eige preg i bygdene, seier Huitfeldt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finne raskt fram

Hovudpoenget med prosjektet er at utrykkingskøyrety skal finne enkelt og raskt fram ved ulykker.

– Når vegnamna er på plass, kan ein berre plotte det inn på GPS'n, og dermed kan me unngå unødige forseinkingar, forklarer Huitfeldt.

Ho gjer merksam på at vegnamna så langt berre er på framleggsstadiet. Etter kvart som framlegga blir klare, blir dei lagt ut på høyring slik at alle som ynskjer kan sjå korleis det ligg an.

– Om det er nokon som har andre framlegg, er me sjølvsagt takksame for innspel, og då kan ein eventuelt kontakte oss, smiler Huitfeldt.

Må godkjennast

Når kommunen har fått inn framlegg på vegnamn, sender dei det vidare til staten som må stadfeste om namnet kan brukast. Viss namnet ikkje blir godkjent kan det vere fordi at det alt er bruka i ei anna bygd i same kommune. Namna skal også sendast ein språkkunnig som gjev namnet den rette grammatiske forma.

– Nokre vegnamn som er mykje bruka er Gamlevegen og Bygdevegen. Om me ikkje er påpasselege og det er fleire vegar med same namn, skapar det problem for både ambulanse og brannvesen, forklarer Huitfeldt.

– Når forventar kommunen at dette prosjektet blir fullført?

– Me reknar med at namnvala blir avgjort i løpet av sommaren/hausten, men truleg blir ikkje namna plasserte på kart og skilt før i 2010, oppsummerar Huitfeldt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framlegg til vegnamn i Edland og Haukeli:

Frå Grungebru - Tallaksbrukrysset = Grungedalsvegen.

Frå Tallaksbrukrysset - Hordaland grense = Vågslidvegen.

Gamlevegen i Grungedal = Postvegen.

Frå Postvegen og opp til Kili = Kilsvegen.

Frå Brufloti og gamlevegen ned til stølen = Storegutvegen.

Bratlandsfeltet = Bratlandsvegen.

Bygdevegen i Edland = Edlandvegen.

Frå Esso i Haukeli - Brufloti og mot Arabygdi = Myllargutvegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Heddebru - Utgarden = Utgardsvegen.

Frå Heddebru - øvre del av bustadfeltet = Heddebruvegen.

Tallaksbrukrysset - Hovden = Bykleheivegen.

Haukeli sentrum - Gugarden = Gugardsvegen.

Haukeli sentrum - Nigard = Hauganvegen.