Er Jesus redningsmannen for verda?

Teksttankar ved Øyvind A. Jørgensen:

Den tredje sundagen i advent fortel om døyparen Johannes. Han skulle førebu folket på at Messias, Frelsarkongen, skulle kome. Slik var han ein del av det vi kallar frelseshistoria, det Gud gjorde for å frelse verda. Det er ei «stor historie», men fordi Gud brukte menneske i si teneste, får vi også høyre om deira personlege liv på godt og vondt.

Denne sundagen får vi høyre at døyparen Johannes kom i tvil. På ein måte var det merkeleg. Han var den største av profetane og utvald frå mors liv til å vere Herrens bodberar. Men han vart kasta i fengsel fordi han hadde refsa det syndige livet til kong Herodes. Då han fekk høyre om alt Jesus gjorde, sende han bod med disiplane sine og spurde: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange spør slik. Er det Jesus som er redninga for verda? Også Johannes kom i tvil, ja ikkje berre det, Jesus sjølv hadde lagt han open for tvilen. For det er noko gåtefullt og tvitydig med Jesus og måten han kom på. Folket hadde venta at Messias skulle kome med makt og ære og opprette Guds evige rettferdsrike. Men det dei fekk sjå, var ein fattig mann med ein liten flokk av ulærde disiplar. Det vart ein snublestein, noko som fører folk til fall. Den kleine måten Jesus kom på, gjorde at mange avviste han.

Johannes fekk det rett på kroppen. I fengslet måtte han spørje: «Kan Frelsaren ha kome når Herodes herskar framleis og eg må sitje her?» Johannes kom i tvil, men Jesus klandra han ikkje. Tvil er ei real sak. Tvil er ikkje vantru. Johannes gjekk til Jesus med sin tvil: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

Jesus svarte: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser, og lamme går, spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.» Dette var teiknet på at Jesus verkeleg er Frelsaren. For profetane hadde sagt at dette skulle skje når Guds rike kom.

Det som var vanskeleg for Johannes og dei andre som såg Jesus, er at Frelsaren kjem til jorda vår i to fasar: Fyrst vart han fødd i Betlehem, gjekk omkring og gjorde godt og vart audmjuka og hengt på ein kross. Så skal han koma att ein dag i herlegdom og makt og gjere alle ting nye. Profetane såg dette som éi hending, nett som vi kan tru det er eitt fjell i det fjerne sjølv om det er fleire, for vi ser ikkje dalane imellom.

No har vi fått ein nykel til å forstå meir av det gåtefulle med Jesus. Det som så å seie mangla i Jesus-skapnaden då han gjekk omkring her, skal bli utfylt når han kjem att i herlegdom. Likevel er ikkje snublesteinen borte. Derfor handlar ikkje adventstida berre om å vone og glede seg, men også om at trua må streve og kjempe. Det endelege Gudsriket ligg enno framfor oss. Så gjeld Jesu ord for oss også: «Sæl er den som ikkje vender seg bort frå meg.»